Artikkel nummer to om Koranen, skrevet av Martin A. Engeset fra Ørsta. Artikkelen stod på trykk i Sunnmørsposten i uke 5.

koranenFaren, Abdullah, døyde før Muhammed vart fødd ca. 570 e.Kr., og mora, Amina, då han var 6, men han vart kjærleg oppdregen av bestefaren, Abdul-Muttalib og onkelen Abu Talib. Han vart kameldrivar. 25 år gamal gifta han seg med den rike, 40-årige enka Khadiyya. Dei skal ha fått 6-8 born. Dette er umogeleg for ei på 40 år. Ho hadde vore gift 2 gongar før, og Muhammed kan ha overteke steborn. (Trass i meget aktivt sexliv – minst 36 kvinner (Dr. Homa Darby`s Foundation), innkludert niårige Aishah og valdtekter - fekk han(?) berre 1 barn seinare. Steril?). Alle borna unnanteke Fatima døyde tidleg.

I 610 sa han at han fekk bodskap frå hovedguden i det heidne Mekka, al-Lah eller Allah, som han sa var einegud og den same som den judokristne Jahve/Gud. Vetskapen trur han i starten trudde dette sjølv, men peikar på at hjernesjukdomen TLE kan gje akkurat slike illusjonar (BBC: "God on the Brain" 20/3-03).

Han tok til å misjonera for si nye lære. Han hevda å vera profet for den eine opprinnelege religionen i verda. Men ingen har funne spor etter ein krigsgud som Allah, ein krigsreligion som Islam, eller ei bok som Koranen, eldre enn 610 e.Kr. (Frå Bibelen kjenner ein ca. 45ooo
skriftlege + frå historie, arkeologi, arkitektur, etc., så gamle.)

Etter 13 år hadde han berre 80-100 "truande", og i 622 måtte dei røma – Muhammed sjølv til Medina 340 km lenger nord.

Der tok han til med landevegsrøveri. Dei nye rikdomane + løyve til å stela/røva, valdta (fx. 8/69, 23/6, 70/30) og ta slavar, var nok ei årsak til at Islam  no vaks fort.

Overfalla på karavanar og landsbyar vekte raseri. (På 10 år hadde muslimane minst 82 "vepna trefningar" (1 kvar 6. veke). Minst 70 var slike overfall ("1ooo+ Comments on the Quran")). Dette førde til 3 slag med Mekka: Badr 624 - Muhammed vann. Uhud 625 - Muhammed tapte, men Mekka fylgde ikkje opp i tide. Og Medina  jan./feb. 627 – Mekka måtte trekka seg pga. kulde og dårleg vær. Men i 630 var Muhammed sterk nok til å ta Mekka utan kamp.

To år etter døyde han brått – kan henda pga. forgifting. (Av dei 11 neste toppleiarane, døyde berre ein - Abu Bakr - naturleg.)

Noko av arven etter Muhammed:
1. Han etterlet seg ein klar krigsreligion. Koranen inneheld m.a. over 300 punkt som glorifiserar eller krev vald mot og undertrykking av alle ikkje-muslimar. ("The Verses of War in the Quran".)
2. Ein moralkode som ligg langt frå "Gjer mot andre det du vil andre skal gjera mot deg" (t.d. 9/5,  9/20, 9/29, 9/33).
3. Verre: Han godtok og brukte sjølv usanning og bedrag som arbeidsverkty - "lovleg løgn", "lovleg halvsanning", "krig er forederi", etc. Sjølv eidar kan misbrukakast  (2/225, 5/89, 16/91, 66/2, m.f ) – betal avlat om nødvendig. Alt dette gyldig til evig tid.
4. Og han etterlet seg spørsmålet ingen muslim vil vedkjenna seg: Kva provar alle feila i Koranen? ("1000+ Mistakes in the Quran".)

Koranens utvikling nr. 2 130316

Martin Engeset
Ørsta, 10.2.16