220px Ole Borten MoeFoto fra: Wikipedia commons.

Urovekkande!

Ola Borten Moe sitt forslag om buplikt for asylsøkjarar/utlendingar i distrikta er urovekkande!

Etter at politiet i Oslo gjekk ut med krav om å spre uroelementa og innvandrarar utover i distrikts-Norge har fleire hengt seg på tanken. Når dei som mest har bedt om framandinnvandring no kjenner seg uttrygge i dei miljøa dei har skapt, så skal dei legge uroelementa ut over landet slik at andre skal få slite med det. Og det er ute i distrikta at politiressursane er minst til å hantere problema.

Vi er vorte eit folk som er totalt prisgitt internasjonale innvandrarmafiaer sine femtekolonner. Vi vert ikkje høyrde om korleis vi sjølve ynskjer å leve i framtida. Om vi gjev tilkjenne ei kritisk røyst så er både politikarar, media og resten av innvandrarlobbyane/ femtekolonnene ute med sine fordømingar, hets og latterleggjeringar. Det krevst at den vanlege kvinne og mann av norsk ætt held kjeft! Dette er det eliten som skal ta seg av, og når deira samfunnssystem viser seg å vere ei katastrofe, ja då er det kveget som skal få problema utover seg.

Eg vil nytte ei formulering som høver godt i det som no skjer i Europa og Norge, forma av Michal Rachel Suissa: "Sivilisasjon i solnedgang".

Og hugs det Lundteigen, at det er fleirtalspolitikarane og media som er hovedansvarlige for å føre vårt norske samfunn, saman med resten av Europa, inn i solnedgangen. Då går det mot natt for folk og fedreland, og natta og mørkret vert lang. Historia viser at når sivilisasjonar går under, så er det i lange tider. Det skal komande slekter av vårt folk få slite med. Og eg håpar dei får kjennskap til kven som er ansvarlege for ulukka dei har fått i arv frå fortida.

Urovekkande 010916

aasenNorvald Aasen

Kvammen, 1.9.16