Ope brev til Audun Lysbakken og SV.

220px Audun Lysbakken jamstalldhetsminister NorgeAudun Lysbakken har "takka" Donald Trump for at SV har fått nokre nye medlemmer. Dette har Norvald Aasen kommentert.

Nettavisen forel i dag at SV takkar Donald Trump for at dei har fått 500 nye medlemmer i partiet. Det må ein verkeleg seie må kjennest storveges når det ikkje finns andre grunnar til å melde seg inn i partiet av enn kven som vert vald som president i USA. Visst har vi skjønt at det er få grunnar til å velge SV som parti, noko som kontakten med sperregrensa vitnar om, men at det skulle vere Trump som var grunnen til at SV veks i medlemmer, seier vel mykje om kor lite dette partiet har å fare med i verkelegheita si verd.

Takkar Trump 070117
 
aasenNorvald Aasen
Kvammen, 5.1.17