Ope brev til "Fritt Ord stiftinga" v/ Knut Olav Åmås.

1280px Fritt ord 01Lokalene til stiftelsen Fritt Ord. Foto: Wikimedia Commons.

Dagsrevyen den 18.06. 2017:
Ein reportasje om mangel på ytringsfridom vart presentert for oss. Tormod Strand hadde ansvaret for å fortelje om ei kvinne som fekk hatmeldingar fordi ho stod fram med sine meiningar i den offentlege debatt. Her var det mykje alvor og trugsmål mot frie ytringar, fekk vi vite. Og slik er det alltid når det gjeld ei eller anna klage frå innvandrarar eller utlendingar.

Men, herr Åmås, har du og fritt ord teke opp same problemstillinga når det gjeld det stadig trongare nålauge å kome gjennom når det gjeld ytringsfridomen for nordmenn? At NRK-miljøet og presse og media i si heilheit ikkje er opptekne av dette som vi har opplevd, så er det ikkje noko nytt, men kallar ein seg fritt ord stiftinga så kunne ein vere freista til å tru at retten til ytring var like sjølvsagt for alle – også for oss nordmenn, og at fritt ord også ville forsvare våre rettar. Men slik er det ikkje, og kan heller ikkje verte slik med dei som bestemmer kven som er vår tid sine kandidatar til det UFRIE ORD. Lever ein i den trua at dagens mediastand vil halde ytringsfridomens fane høgt for alle så er ein anten godtruande eller gløymer lett, eller kanskje ynskjer å gløyme.

Når eg ser på styrelista for fritt ord stiftinga har eg i alle høve ikkje tiltru til at desse personane er opptekne av demokratiske rettar som ytringsfridom for andre enn for seg sjølve og for dei som er prioriterte i samfunnet og i samfunnsdebatten. Og slike som ikkje er føretrekte i debatten er nordmenn som har eit kritisk syn på den påtvungne avhendinga og omveltninga av landet vårt!

Vi er mange som gjennom fleire tiår har prøvd å ytre oss om det som vi ser som den viktigaste saka i vår nasjon si historie. Dette har vorte stadig mindre tolt og tillate frå makta og media. Etter 30 års røynsle veit eg at det ikkje har vore trongare nålauge å kome gjennom enn det er no. Med reine valdsaksjonar, latterleggjering, kriminalisering, lygner, utestenging med meir har denne gruppa som eg nemner vorte halde utanfor samfunndebatten. Jamvel har personar vorte bøtelagde for å ha sagt rimeleg uskuldige ord og meiningar. Ein mann i Oslo har nyleg fått hus og heim ransaka av politiet, og datautsyr kverrsett grunna at hans meiningar ikkje passa inn i det politisk korrekte lygarsamfunnet. Mannen eg nemner heiter Oddbjørn Jonstad.
Og slike har aldri fått nokon pris for å freiste å kome fram med frie ord. Dei treng heller ikkje slik pris, for fritt ord går til dei som har opne kanalar til alle media og med alle saker. Ikkje minst når det gjeld å klage over nokre nordmenn sin manglande evne og vilje til å krype for framandfolket og deira velgjerarar, mellom slike også – DYKK!

Du Åmås har sjølv sete som debattredaktør i Aftenposten, ei avis som eg ser som ein filial av Klassekampen etter Egil Sundar si tid, eg har sendt deg uttallege lesarbrev som du aldri har lete trykke i den avisa som du skulle passe på held opne spaltar for det frie ord til dei som ynskte å kome fram med sine meiningar. Eg kan minne om at ein kjend mann, Erik Gjems-Onstad, skreiv fleire gonger kommentarar til avisa di om saker som hadde vore på trykk og som han ynskte å seie si meining om. Dei seinare åra han levde kom aldri desse breva hans på trykk hjå deg.

Stiftinga Fritt Ord ser eg på som eit skalkeskjul som skal gje inntrykk av at ytringsfridomen i landet vert teken på alvor. Det vert den ikkje, for den gjeld ikke alle!

Om Fritt Ord stiftinga 180617

aasenNorvald Aasen
Kvammen, 20.7.2017