(Artikkelen er skribentens eigne meiningar.)

Stalin i 1943Joseph Stalin. Foto: Wikimedia Commons.

Det gjekk kaldt nedover ryggen då eg 25. oktober 2017 las på vg.no at ungdomspartiet til Raudt, Raud Ungdom inviterte til jubileumsfeiring i samband med 100-års-dagen for oktoberrevolusjonen i Russland i 1917. Går det verkeleg an? Nordmenn som bur i verdas beste land skal feire starten på det lengste og blodigaste terrorveldet verda har opplevd? Eit hån mot dei mange millionane av politiske motstandarar som vart myrda i dei påfølgjande åra. Mange berre på grunn av mistanke om at dei tilhøyrde feil side. Det var ikkje noko demokratisk maktovertaking Lenin gjorde. Det var eit statskupp, der Karl Marx sitt teoretiske samfunn var motivasjonen. Proletariatets diktatur. Ja, diktatur ville dei nok ha. Så døydde Lenin i 1924, og revolusjonen hadde då bana veg for udyret Josef Stalin. Stalin, som saman med Mao står for verdas klart verste folkemord gjennom alle tider. Men vi bør kanskje ikkje bli overraska av den raude ungdommen. Dette står godt i stil med hyllinga av Mao og Pol Pot, som den same ideologien har stått bak tidlegare (AKP(m-l).

Eg hugsar godt planane om væpna revolusjon i Norge rundt 1970. Raudt sine medlemmer som vi så ofte ser hamre laus på Regjeringa vår og den samfunnsutvikling den står bak. Er det dei nemnde tilstandane, og slike revolusjonar dei vil ha? Der politiske motstandarar vert systematisk torturerte, drepne og utrydda? Nord-Korea saman med Kina er vel dei beste representantane for slik politikk i dag. Raudt her i fylket har no hatt god tid til å melde ifrå om at dei tek avstand frå den nemnde feiringa, men dei teier. Eit illevarslande signal. Kva kan vi vente oss om desse kreftene skulle komme til makta? Dei kjem nok til å reagere etter å ha lese dette. Og det er greitt, så lenge tastaturet vert brukt som våpen mot politiske motstandarar. Dessverre viser historia noko anna. Blodspora er djupe i den internasjonale «raude historia». Tilliten til «Raudt-samfunnet» er no nede i null.

Det er og grunn til å stille spørsmål til resten av samfunnet si politiske haldning. Nazismen som terroriserte verda i om lag 7 år, frå Krystallnatta i oktober 1938, til våren 1945 vert fordømt av dei fleste. Muslimane støtta Hitler/nazistane si jødeutrydding, og det grove jødehatet lever. Det kjem vel mest til syne i Midtausten. Men muslimane er godt inne i varmen. Kva er verre med eit nazistisk jødehat, enn eit islamistisk hat, og nazistiisk folkemord enn kommunistiske folkemord? Muslimane er velkomne til Norge, og tilhøva vert lagt til rette for deira innpass. Sjølv om politisk islam står for veldig mange folkemord i verdshistoria, i følge Norge I DAG nr 44 i år. Kommunismen som står for mange, mange gonger så mange folkemord som nazismen, om lag 170 mot 6 millionar drap, er og inne i den politiske varmen. Nazistane si jødeutrydding på 6 millionar er vel sikre tal, medan dei kommunistiske folkemorda er umuleg å talfeste nøyaktig, sidan dei føregjekk innanlands. Men tala er enorme.

Det er og heilt tydelege teikn på at dei kommunistiske ugjerningane skal viskast vekk, og gløymast. Eit lite døme er KrF-leiar Hareide sitt utsegn om IS. Vi må tilbake til nazismen for å finne liknande råskap har han sagt. Eg skreiv til han og spurde om han har gløymt Stalin, Mao og Pol Pot. Han svarar ikkje. Eit skummelt signal. Den nye KrF-representanten frå fylket, Tore Storehaug kallar Sylvi Listhaug «Ulv i fåreklær». Eg vil tilrå at han heller rettar eit kritisk blikk mot Raudt. Det er i høgste grad ulvar i fåreklær, etter den nemnde feiringa å dømme.

La oss gjere som Tsjekkia: Forby kommunisme og nazisme!

Jostein Ness
Førde, 20.1.2018