header

Foto over: Wikipedia.org,

norway 1402729 1920

Bilde: fra Pixabay.com

Vi arbeider for en lovgivning og en praksis som sikrer at Norge forblir en enhetlig nasjonal stat med basis i vår norske og kristne kulturarv og folkets historiske fellesskap.

Folkebevegelsen Mot Innvandring er en tverrpolitisk opplysningsorganisasjon som arbeider for å stoppe den fremmedkulturelle masseinnvandring til Norge.

Les mer om organisasjonen

Gi et bidrag til FMI, kontonr.: 0530.40.68169.

Vipps 43995

Den offisielle Twitter-kontoen til FMI: https://twitter.com/FMInnvandring

FMI på Mewe.com

Lars Akerhaug printscreenLars Akerhaug. Printscreen Twitter.

Det seier Lars Akerhaug (35) i eit intervju med Medier 24. Han er frilansjournalist og forfattar og er no å rekne som ganske langt ut på høgresida. Han er utdanna innan arabisk og islam ved Universitet i Oslo. Då studiane var over, blant anna med eit opphald i Klassekampen og Ny Tid, fekk Akerhaug eit tilkallingsvikariat i VG frå 2008–10, så var han i Aftenposten før han var tilbake i VG cirka to år som nettjournalist. No skriv han artiklar blant anna til avisa Dagen, Minerva og av og til for fagbladet Journalisten. Som ungdom var han med Bilitzmiljøet og var rimeleg venstrevridd. No seier han til Medier 24 at det var journalistikken som fekk han til å revurdere sine politiske standpunkt. Det seier noko om journalistikken fordi det tvang meg til å sjå ting frå andre synspunkt.

Han seier at mange journalistar først og fremst er opptekne av kva andre journalistar driv med og konkurrerer om dei same sakene – og det har eg aldri brydd meg om. Akerhaug meiner at då han skreiv si første bok, «Norsk Jihad», så var det ingen journalistar som hadde greie på temaet. Det seier veldig mykje om norske media, og elitens tenkemåte generelt, at i ein tiårs periode har hatt ein klar, tydeleg og sporbar framvekst av eit radikalt islamistisk miljø som støtta Osama bin Laden og al-Quaida. Med svært få unnatak var det nesten ingen som brydde seg – eller var klar over det.

Om kvifor det var slik seier han: "Journalistane er ein politisk korrekt saueflokk som følgjer etter kvarandre, og som ikkje tenker sjølv. Og så har dei ein moralsk ståstad på venstresida. Det ser vi til dømes når det marsjerte 50 nasjonalsosialistar i Kristiansand. Då var dei forferda, krav om at politiet skulle gripe inn osv. Hadde det vore 50 muslimske ekstremistar ville reaksjonane vore heilt annleis frå pressa."

Han meiner journalistane er blitt altfor like. Menneske med gode karakterar kjem inn på journalisthøgskulen fordi dei er flinke. Dei som har vilje til å kome seg opp og fram vel heilt andre yrke enn journalistikk i dag. Det er kanskje positivt at mediekrisa fører til at yrket vert mindre attraktivt. Vi må få inn folk som tenker annleis, og vi bør leggje ned journalisthøgskulen og dei utdanningane. Dei aller færraste har godt av den type utdanning. Han meiner at ein får ein større og meir nyttig ballast av å vere trailersjåfør eller oljearbeider enn å studere journalistikk.

Norske journalistar går etter saker og meiningar som dei sjølve meiner, seier han, og på spørsmål om kva han trur er redninga for den norske pressa svarar han: «Eg veit ikkje og eg drit litt i det. Eg er ikkje oppteken av å redde den norske pressa – det får dei gjere sjølv. Personleg er eg veldig glad for at eg ikkje jobbar i Akersgata-pressa lenger. Eg opplevde det som ein fridom og lettelse å forlate dei», avslutta den frilynde journalisten i intervjuet.

Magnar A. Bakke
Eid, 9.2.2018


Del denne siden:
Del på Facebook Del på Twitter Del på LinkedIn

Aktiviteter

aktivitet

Aktivisme Gudbrandsdalen
Søndag 28.august 2022


Info i Sør-Trøndelag og Oppland
Tirsdag 21. september 2021


Randesund, Kristiansand ble opplyst
Søndag 27. september 2020


«Protestfestivalen» i Kristiansand
Søndag 27. september 2020


Elverum ble opplyst
Søndag 27. september 2020


Opplyste handleglade nordmenn i Sverige
Tirsdag 18. august 2020

 

Gi et bidrag

FMI mottar ingen offentlig økonomisk støtte. For å utføre vårt arbeid er vi avhengig av pengebidrag fra medlemmer og sympatisører.

Les mer

Norge Er Vårt

Norge Er Vårt er FMIs medlemsblad og mottas som en del av medlemskapet.

Du kan abonnere uten å være medlem i FMI.

Les mer

Viktige nettaviser

politisk_ukorrekt



Alternativer til media som holder tilbake informasjon, ved hjelp av politisk korrekt sensur.

Please install and enabled plugin Vinaora Visitors Counter firstly

Vi har 754 guests og ingen medlemmer på besøk.


 
E-post: fmi[at]fmi[dot]no – Kontonr.: 3905.24.78654.
FMI ©2006-2015