Grunnlova frå 1814, Unionsoppløysinga frå 1905, kampen og frigjeringa frå den tyske okkupasjonen,  alt vert no  kasta på skraphaugen av dei som har tilrive seg makta i Noreg, og som med svik og  feigheit har late seg leie av  68-ar-banden til politisk korrekte landssvikarar.

gjelsvikNedanforståande vart skrive av jus.professor Nikolaus Gjelsvik (bildet) i Norsk Soldatbok som vart utgjeven i 1921:

"Hjå eit fritt og sjølvstendigt folk er fedralandshug og nationalkjensle ei stor dygd. Hjå eit underkua folk derimot  den største udygd og det verste lytet. Ein mann, som hev dette lytet, vert rekna for ein låk kar og er lite  velsedd hjå dei styrande, kor mykje godt han so gjer. Men den, som sputtar på sitt eige folk og på det, som  høyrer folket til, han vert velsedd hjå framandherrarne. Den mannen kann dei bruka. På den måten dreg  framandstyret fram dei låke element hjå folket, og held dei gode nede, og folket vert lett demoralisera. Ja til  sist kann folket søkkja so langt ned, at det er byrgt av, at det gjer store ting for herrefolket, ja byrgt av, at  det hjelper til med å halda seg sjølv i trældom. Og når herrefolket då kjem med ros – og i slike høve sparar det  ikkje på den – er tenarfolket reint byrgt. Det er den rette træleæra. Når hesten er byrg av, at det er han, som  dreg lasset, so viser det berre at han er hest."

5. januar 2007
Norvald Aasen