Følg FMI på Twitter: https://twitter.com/FMInnvandring

slagsvold vedumOpe brev til Trygve Slagsvold Vedum, Sp.

Sp sin leiar Trygve Slagsvold Vedum. Foto: Wikimedia Commons.

Eg ser at du vil fråråde regjeringa til å gje fleire konsesjonar på kraftkablar til utlandet, m.a. Skottland. Her er eg heilt samd med deg. Vi er i ferd med å øydelegge våre naturrikdomar for å skaffe kraft til utlandet, både EU og også England/Skottland. Folkemengdene har vorte altfor store for vårt kontinent ved ei hovudlaus innvandring frå sør og søraust.

Såg ei sak vedrørande kraftfordelinga i den tøvete fylkessamanslåinga mellom Hordaland og Sogn og Fjordane at det vart hevda at å overføre kraftaksjane til BKK (Bergen K.K.) ville vere best for kraftforbrukarane og eigarane. Då spør eg: Kven er eigarane av vassressursane i landet? Er det folket eller er det Børshaiane?

Senterpartiet er eit parti som eg godt kunne tenkt meg å røyste på, men etter mitt syn er dette partiet så tydeleg unasjonalt. Partiet sit med store brakkebaronar/asylprofittørar i eit kommunestyre, og eg minnest Liv Signe Navarsete som etter at utlendingslova var oppe til gjennomgang då det var raud/raud/grøn regjering uttala at: «Det betyr at fleire får bli – og det er bra!»

Eit slikt parti kan eg ikkje røyste på. Når eit lite folk, nordmennene vert utsett for ei uansvarleg og hovudlaus framandinnvandring så vil det føre til ei ny tid som husmenn, ikkje i eige land, men i framande sitt land eller kall det heller ein framand koloni. Og i denne viktigaste saka er folket haldne utanfor av makteliten, media og resten av innvandringslobbyen.

aasenNorvald Aasen
Askvoll, 2.2.2019