ungarns utenriksminister Peter Szijarto redUngarns utanriksminister Peter Szijarto.

Vi saknar at representantar for styresmakta i Norge som er like klare og fast bestemte på å ikkje la seg diktere i innvandringspolitikken av EU og råda frå FN. I ei tale kringkasta av ein ungarsk TV- stasjon sa Ungarns utanriksminister Peter Szijarto mellom anna: «Vi er ein tydleg anti-innvandringsnasjon, uansett kva Brussel måtte meine. Vi vil og skal kontrollere kven som har rett til å entre vårt territorium, og vi skal bestemme kven vi vil sleppe inn. Brussel vil ta frå oss denne retten ved å tvinge oss til å bli med på ei kvotefordeling av flyktningar. Dette er ein kollisjon mellom majoriteten av EU-landa og Ungarn.

Vi vil ikkje at Europa kvittar seg med den kristne arven, vi vil ikkje gje opp vår nasjonalitet, og vi vil ikkje gi opp vår dyrebare kulturarv. Han gjorde det også klart at staten skuldar folket å beskytte grensa si. Organisasjonar som oppmuntrar framande til å krenke våre grenser vil vi forsette å straffe.

Vidare sa han: Kva er den legale basen for at folk kan krysse fleire fredelege land – krenke grensene til desse landa med det føremålet å kome til Tyskland? Det finst ingen grunnleggjande menneskerett som seier at du kan vakne om morgonen – du kan velje Tyskland, Østerrike eller Sverige som dit mål. For å kome dit har du krenka ei rekke nasjonale grense. Det er derfor Ungarn støttar bidrag til land som Tyrkia, Jordan og Libanon med humanitær hjelp og grensekontroll.

400 000 immigrantar tok seg til Ungarn under krisa i 2015. Dette skal ikkje skje igjen. Difor har Ungarn brukt store summar på å reise eit grensegjerde mot syd. Framleis er det «dusinvis» av personar som kvar veke freistar å krysse Ungarns grenser. Ungar har brukt 15 millionar euro på å hjelpe kristne i Midtausten, held han fram; Gjenreise øydelagde hus, hjelpe til å byggje skular, gjenreise deira lokalsamfunn – fordi kyrkjeleiarar der ber oss om å ikkje oppmuntre deira folk til å forlate Midtausten for å kome til Europa, men for å hjelpe dei til å kunne bli verande.»

Ungarns leiarar har som mål at deira fedreland skal overleve i ei tid der folkevandring og islamsk imperialisme held på å gjere ende på andre land i Europa. Dette skuldast i hovudsak media si unasjonale og forførande verksemd for å undergrave nasjonalstatane i dei fleste land i Vesten ved å støtte framandgjeringa. Og naive folk som stemme inn sine eigne bødlar ved val. Sverige er eit skrekkeksempel på dette.

Magnar A. Bakke, Eid