header

Foto over: Wikipedia.orgpaaskeliljer 3

Vi arbeider for en lovgivning og en praksis som sikrer at Norge forblir en enhetlig nasjonal stat med basis i vår norske og kristne kulturarv og folkets historiske fellesskap.

Folkebevegelsen Mot Innvandring er en tverrpolitisk opplysningsorganisasjon som arbeider for å stoppe den fremmedkulturelle masseinnvandring til Norge.

Les mer om organisasjonen

Gi et bidrag til FMI, kontonr.: 0530.40.68169.

Vipps 43995

 

Den offisielle Twitter-kontoen til FMI: https://twitter.com/FMInnvandring

gro harlem brundtland statsministerens kontor redGro Harlem Brundtland sa på 1980-talet at overbefolkning var verdsproblem nr. ein. Foto: Statsministerens kontor.

Då Gro Harlem Brundtland som var leiar for FNs spesialkommisjon for miljø- og utvikling la fram sluttrapporten i 1987, proklamerte ho at «overbefolkning var verdsproblem nr. 1, og at vi måtte tenke globalt å handle lokalt». I 1987 – 88 slo også den første store asyl-migrasjonen inn over landet, og sidan då har det nesten vore heilt stilt om bodskapen frå FN rapporten. Svært få har våga å kritisere folks vanar, kultur og religiøse førestillingar, og mot dei som tok til å åtvare mot den lemfeldige innvandringspolitikken hagla rasistskuldingane.

Synest det er litt pussig om det er nokon som trur at menneska kan løyse verdas miljø- og klimaproblem når befolkninga aukar med 79 millionar kvart år – 220 000 personar per døgn – netto. Er det tåkesynet som har teke overhand for den klare samanhengen at det auka folketalet gjev større belastning på naturens resursar og økologiske bæreevne, her under CO2-nivået i lufta og i havet?

Dersom ein påpeikar overfor einskilde «miljøvernarar» at den migrasjonen som føregår frå varme land i syd til dei kaldare landa i nord, representerer ei større miljøbelastning på naturens fauna og ressursar ved å tilpasse seg den høgare levestandarden her, og det større energibehovet til oppvarming i eit kaldare klima – vert ein fort ignorert. Nemner ein i tillegg at innvandringa frå ikkje-vestlege land, særleg dei muslimske er i ferd med å bli ei sterk økonomisk og sosial byrde for velferdsstaten – går tankane deira i vranglås.

Finansavisen er eit av dei få, kanskje det einaste media i dette høve som i fleire artiklar har påpeika at utgiftene har gått til «himmels» dei siste åra, og at dette vil halde fram sjølv med ein streng innvandringspolitikk. Då har det vore «musestilt» frå dei andre i massemedia, bortsett frå ABC Nyheiter som refererte den siste artikkelen den 22. juli i år. Her skriv Asbjørn Ness mellom anna: «Som Finansavisen sine lesarar er kjende med vil dei akkumulerte summane bli enorme: Med utgangspunkt i SSBs kontantstraumsberekningar påførte den ikkje-vestlege befolkninga den norske stat eit nettotap på 43 milliardar kroner i 2016. Det tilsvara tre heile jordbruksoppgjer som førte til ein slik tautrekking ved siste korsveg. Det enda med at det vart flytta på nokon hundre millionar. Men SSB har vore tydlege på at dei ikkje har teke omsyn til asyl- og integreringskostnadane dei første åra som anslagsvis er på rundt 10 milliardar kr i året».

Det vert vist vidare til faktaboksen i artikkelen. Her vert det nemnt at det ikkje finst nøyaktige berekningar for nettokostnadane til den ikkje-vestlege befolkninga, men at den truleg er vesentleg høgare enn 53 milliardar kr per år – truleg meir enn 100 milliardar!

Finansavisen har også delt opp den ikkje-vestlege befolkninga i to grupper. Dei som kjem frå ikkje-islamske land, og dei som kjem frå islamske. Det er særleg den siste gruppa som har akselerert utgiftene.

Magnar A. Bakke

Du har ikke rettigheter til å poste kommentarer


Del denne siden:
Del på Facebook Del på Twitter Del på LinkedIn Del på Google+

Aktiviteter

aktivitet

Flygeblad i Aure
Torsdag 9. mai 2019


Flygeblad i Ski
Torsdag 9. mai 2019


FMI i Molde og på Aukra
Onsdag 17. april 2019


FMIs aktivistar besøkte søre Sunnmøre
Tysdag 19. februar 2019


FMI aksjonerte i Gloppen
Søndag 10. februar 2019

 

Gi et bidrag

FMI mottar ingen offentlig økonomisk støtte. For å utføre vårt arbeid er vi avhengig av pengebidrag fra medlemmer og sympatisører.

Les mer

Norge Er Vårt

Norge Er Vårt er FMIs medlemsblad og mottas som en del av medlemskapet.

Du kan abonnere uten å være medlem i FMI.

Les mer

Viktige nettaviser

politisk_ukorrekt



Alternativer til media som holder tilbake informasjon, ved hjelp av politisk korrekt sensur.

Please install and enabled plugin Vinaora Visitors Counter firstly

Vi har 80 gjester og ingen medlemmer på besøk.


 
Adresse: FMI, Postboks 70 Sentrum, 6501 KRISTIANSUND N. - E-post: fmi[at]fmi[dot]no - Telefon: 977 06 152 - Bank: Postbanken (DnB NOR Bank ASA) - Kontonr.: 0530.40.68169 - Vipps: 43995 - BIC-adresse: DNBANOKKXXX - IBAN-nr.: NO23 0530 4068 169 - Org.nr.: 994 552 554
FMI ©2006-2015