Ope brev til Mediebedriftene / Mediekompasset

Firda avishus

Mediahuset Firda. Bilete: Wikimedia Commons.

Annonse i avisa Firda
Eg har lenger tid sett ei heilsides annonse i lokalavisa frå Mediekompasset der ordlyden ikkje synes å vere i samsvar med den verkelegheita eg og mange med meg opplever.

I annonsebilete kan vi lese dette: "I Noreg kan vi meine det vi vil. Men no er faren større enn nokon gong for å meine det andre vil". Kva meinar de med dette? Her er fleire ting som ikkje rimar. Vi kan nok meine det vi vil, men vi må helst gå stille i dørene med det vi meinar om våre meiningar er politisk ukorrekte! Og retten til å ytre oss er sterkt avgrensa sjølv om både Grunnlova i § 100 og FNs internasjonale konvensjonar om menneskerettar garanterar oss retten til frie ytringar. Norske media synes for meg å halde ytringsfridomen si fane godt nedlåst i nederste skuffa. Og denne plikta til å meine det andre vil har vi måtte avfinne oss med - til no. Vi har måtte meine og seie det media ville at vi skulle meine og ytre! Dette er fakta!

Dei aller fleste av dagens media er politisk venstrevridd og dei har halde publikum i jarngrep med lygner, frykt og desinformasjon, i alle høve gjennom dei siste 30 åra. Dette er arven frå 68-arane og AKP(m-l)-rørsla vi har måtte bøye nakken for. Dei hadde kyndige læremeistrar. Det er slett ikkje slik det står å lese i annonsa frå Mediakompasset: "Formidling av nyhende vert gjort best av dei som formidlar fakta og let deg tenke sjølv - ikkje av dei som ønskjer å påverke kva du skal tenkje." Men det er nett denne påverkinga av kva vi skal tenkje som media så spekulativt har drive, og denne faktabaserte nyhende som media skryt av seg sjølv for er svært mangelfull, for å seie det svært forsiktig.

FMI drives av ren idealisme, uten statlig økonomisk støtte! Støtt FMI økonomisk: Kontonr.: 0530.40.68169 - Vipps: 43995.

Skilje mellom informasjon og manipulasjon har ikkje den tradisjonelle media makta å sjå, eg trur heller ikkje dette har vore deira agenda heller. Media har vore eindel av større planar ført fram gjennom det politisk korrekte tvangssystemet! Difor har eindel idealistar starta eigne nettaviser og nettstadar der vi kan finne meir fakta enn hjå dei gamle såkalla lygarmedia sine fake news. Mange av desse nettavisene og nettstadane slepp også fram frie meiningar som dei tradisjonelle media har halde nede og under kontroll med sine skjellsord, sin hets og latterleggjeringar.

Desse nettstadane har no vorte så populære at dei tradisjonelle media, såvel riksmedia som lokalmedia har fått panikk. Tenke seg til at folk flest har eigne meiningar og får lov å kome fram med dei, og det etter all knallhard påverknad frå venstresida sine påverknadsekspertar! Dette må motarbeidast med eliten sine sterkaste verkemidlar, synes å vere den fjerde statsmakt sitt våpen mot folkevilje og dei frie ytringar.

Når det vert framhalde i avisannonsa om den "fakta" som vi skal innfinne oss med så kan eg nemne nokre få eksemplar frå avisa Firda sjølve, der vi abonnentar er påprakka denne heilsides annonsa:

"Kvinne frå Nordfjord dømd for terrormedverkning", kan vi lese i avisa. Folk flest trudde at dette var ei norsk kvinne frå Nordfjord som hadde vorte dømd for IS-medverknad. Dette var ein tydeleg og villa desinformasjon frå avisa. Mi henvending til redaksjonen fall på steingrunn!

Avisa Firda, 4.4.2019: "Både den sikta og den drepne er frå Florø." Så skriv avisa at begge er "norske statsborgarar". Men kva seier dette? Dei fleste trur at dette er nordmenn avisa fortel om, men er dei det?

Avisa Firda 19. mars, 2019: "Det var rundt 4 % fleire som hadde sosialhjelp som hovudinntekt i fjor enn i 2017. Tilsaman fekk 140 000 nordmenn sosialhjelp." Er det sant at 140 000 nordmenn fekk sosialhjelp, eller vert utlendingar/innvandrarar kalla nordmenn av media og lokalavisa for å gjere propagandaen meir i tråd med media sin eigen ideologi og politikk? I so fall lyg dei, driv desinformasjon. Eg minner om at nordmenn er ei etnisk nemning på eit eige folk - oss nordmenn, slike som eg tilhøyrer. Eg er ikkje pakistanar, svenske, somaliar eller noko anna, men eg er nordmann og krev å verte respektert som det!

aasenNorvald Aasen
Askvoll, 19.6.2019