header

Foto over: Wikipedia.org,

norway 1402729 1920

Bilde: fra Pixabay.com

Vi arbeider for en lovgivning og en praksis som sikrer at Norge forblir en enhetlig nasjonal stat med basis i vår norske og kristne kulturarv og folkets historiske fellesskap.

Folkebevegelsen Mot Innvandring er en tverrpolitisk opplysningsorganisasjon som arbeider for å stoppe den fremmedkulturelle masseinnvandring til Norge.

Les mer om organisasjonen

Gi et bidrag til FMI, kontonr.: 0530.40.68169.

Vipps 43995

Den offisielle Twitter-kontoen til FMI: https://twitter.com/FMInnvandring

FMI på Mewe.com

Norge i dag logo

Skjermdump avisa Norge i dag.

Ope brev til avisa Norge i Dag.

Har lese dykkar avis sitt forsvar av Gunnar Stålsett sitt brot på asyllova. Det avisa bring til torgs er noko av det verste vås eg har lese på lenge, det er heilt på linje med det ein finn i venstresideavisene som meir enn gjerne opnar dørene for fri masseinnvandring.

"Biskopen dømt for nestekjerlighet", er overskrifta på artikkelen. No er det tvilsomt at det er denne "biskopen" sin nestekjærleiken som er drivkrafta hans når han har gått inn i asylbransjen. Det er nok heller som aktivist for å strekke strikken så langt som mogeleg for å prøve kor langt han og hans miljø kan gå. Han veit at han får full støtte frå avisene som nesten utan unntak forsvarar han og hans lovbrot. Lenge trudde eg at Norge i Dag skulle vere eit unntak innan avisbransjen der vi kunne finne argument som stod i motstrid til mediaeliten sin samstemde hylling av det multietniske kaossamfunn. Men slik er det altså ikkje.

Dommen mot Stålsett var feil, dermed må lova endrast, skriv avisa. Slik har det vorte i dette landet som eingong langt tilbake i tid var ein rettsstat der lova var lik for alle, enten det var Jørgen Husmann eller kong Salomo. Når det oppstår – og det gjer det ofte – noko som ikkje passar framande tilreisande og deira støttegrupper, då hamnar sakene snøgt på øverste politiske bord, med krav om endring for asylantar / migrantar og deira velgjerarar. Og advokatar står i kø for å bistå, helst gratis, eller så er det nok staten – vi – som får svi. Slike støttegrupper av velgjerarar finns det ein krattskog av. Og som regel, som vi må forvente når statsrådar og andre maktpersonar utan ryggrad vert møtt med motstand frå "biskopar" og andre asylaktivistar, så vert lover og regelverk omskrivne til beste for dei nye herrefolka og deira beundrarar. " -- nestekjærligheten som gir mat, husly og arbeid for de som midlertidig er innenfor grensene, kan heller ikke oppheves", skriv avisa. Dette er vås, herr redaktør/redaksjon!

Ein er ikkje midlertidig innanfor grensa når ein nektar å returnere etter lovlege fatta vedtak. Det er heller ikkje "midlertidig" når ein oppheld seg gjennom tiår utan å fylgje vedtak om retur. Og når ein så får rett til både arbeid og alt som fylgjer med eit opphald, kven vil då reise tilbake til landet dei kom frå, annan enn på ferie? Det burde vere ei skam for både denne "biskopen" og dei som støttar hans sak å synes det skulle vere straffefritt å vere lovbrytarar. På same vis burde det vere ei skam å gi pengar for slik ulovlege handlingar. Men når ein såg kva miljø dei kom frå desse som stilte som heiagjeng for Stålsett i retten, så veit ein at det er slike miljø som hevdar at lover og bestemmelsar skal lagast i deira ånd og tanke. Det vert "demokrati" og "kristen-rettstat" av slikt, om eg forstår Norge i Dag rett, og det trur eg at eg gjer.

Eg kan også minne om den såkalla "Ali-saka", der ein ung iranar vart halden i kyrkjeasyl og der det vart skapt eit massehysteri for at mannen skulle få vere i landet. No vart ungdomen heldigvis fakka av politiet og etter ei tid send tilbake til familien i Iran. Seinare kom han til Tyskland og kunne fortelje at det ikkje var han, men støtteaktivistane, mellom dei Gunnar Stålsett, som stod bak det å halde han i kyrkjeasyl. Det største problemet for han, i høve til styresmaktene i Iran, var all negativ omtale av heimlandet hans som kom frå media og dei som ville hindre heimsendinga, fortalde han. Stålsett vart så konfrontert med historia frå mannen, og spurd om ikkje det var galt å bløffe om historia til asylsøkjaren, noko "biskopen" ikkje syntes det var noko ille ved.

Eg synes det er leit at ei av dei få avisene eg støttar gjer seg til talerør for ein politikk som står i sterk motstrid til mi sak, nemleg vern om landet mitt som vi har fått i arv frå våre slekter. Det er to bidragsytarar i Norge iDag som eg finn mest glede og støtte i å lese, det er artiklane frå Michal Rachel Suissa og Dan Odfjell. Men vert avisa meir ei asyl- og migrantavis enn kva den no viser teikn på så kan ikkje eingong desse to gje meg grunn til vidare abonnement.

I siste avsnitt av avisa si hylling av Stålsett og hans ulovlege framferd kan eg lese "Gud velsigne kongen og fedrelandet". Ja, Gud må velsigne og redde fedrelandet, men ein konge som seier at: nordmenn har innvandret frå Afghanistan, Pakistan, Somalia, Syria m.fl. fortel meg om ein konge som ikkje kjenner sitt folk og sitt land – dette er ikkje min konge! Og det skuldast ikkje meg, men han.

Norvald Aasen
Askvoll, 19.1.2020


Del denne siden:
Del på Facebook Del på Twitter Del på LinkedIn

Aktiviteter

aktivitet

Aktivisme Gudbrandsdalen
Søndag 28.august 2022


Info i Sør-Trøndelag og Oppland
Tirsdag 21. september 2021


Randesund, Kristiansand ble opplyst
Søndag 27. september 2020


«Protestfestivalen» i Kristiansand
Søndag 27. september 2020


Elverum ble opplyst
Søndag 27. september 2020


Opplyste handleglade nordmenn i Sverige
Tirsdag 18. august 2020

 

Gi et bidrag

FMI mottar ingen offentlig økonomisk støtte. For å utføre vårt arbeid er vi avhengig av pengebidrag fra medlemmer og sympatisører.

Les mer

Norge Er Vårt

Norge Er Vårt er FMIs medlemsblad og mottas som en del av medlemskapet.

Du kan abonnere uten å være medlem i FMI.

Les mer

Viktige nettaviser

politisk_ukorrekt



Alternativer til media som holder tilbake informasjon, ved hjelp av politisk korrekt sensur.

Please install and enabled plugin Vinaora Visitors Counter firstly

Vi har 376 guests og ingen medlemmer på besøk.


 
E-post: fmi[at]fmi[dot]no – Kontonr.: 3905.24.78654.
FMI ©2006-2015