Carl Erik GrimstadCarl Erik Grimstad. Foto: Wikimedia Commons.

Ope brev til Carl Erik Grimstad, Venstre.

Høyrde deg på NRK-nyheitssendingar, 15.1.2020, der du refsa Frp for å ha reagert på Raja sin hovmodige og arrogante beskjed til folket då han gjekk inn i stortingsalen: "Jeg mener Norge skal hente hit alle IS-mødrene", var hans hovmodige beskjed til oss nordmenn. Men den kvinna som no er henta hit har pakistansk bakgrunn og er ikkje Noregs ansvar!

Du, Grimstad, meinte at ein Frp-politikar hadde fornærma Raja ved å kalle han islamist. Men kva når Raja sjølv uttala at Sylvi Listhaug dreiv med "brun propaganda"? Ho hadde også familie, og det å stemple henne og andre Frp-arar, eller andre også, som "brune" er det same som å kalle dei nazistar. Og det å verte kalla nazist er like belastande som å verte kalla kommunist, nazismen var, og er, då også sosialisme er å finne på den politiske venstresida.

FMI drives av ren idealisme, uten statlig økonomisk støtte! Støtt FMI økonomisk: Kontonr.: 0530.40.68169 - Vipps: 43995.

Du burde så absolutt feie for Venstre si eiga dør, der skulle det vel vere nok å ta av? Sjølv om du og dine meiningsfeller har ei velvilleg og beskyttande media omkring dykk, som også deler dykkar ideologiske syn på masseinnvandringa og islamiseringa av Noreg, så finns her mennesker i landet som enno ikkje er døve, blinde eller idiotar, men som kan sjå og tenke sjølv.

Ein buddist trur på Budda og vert kalla buddist, ein muslim trur på islam og kan vel kallast islamist? Medan dei som trur på kristendomen er "mørkemenn og -kvinner. Ein som er hindu og trur på hinduismen vert kalla hinduist. Kvifor er det då galt å kalle ein som trur på islam for islamist? Kva er det de driv og snikrar saman på ventresida for å fremje islam?

For eindel år sidan vart det utgive ei bok, skriven på urdu, der det vart hevda at "Nordmenn er Satans sønner". Er det denne vår påståtte slektskap med Satan de prøver å få rydda opp i når de no ivrar for å nyplante IS-avleggarar i Noreg?

Norvald Aasen
Askvoll, 27.1.2020