header

Foto over: Wikipedia.org,

norway 1402729 1920

Vi arbeider for en lovgivning og en praksis som sikrer at Norge forblir en enhetlig nasjonal stat med basis i vår norske og kristne kulturarv og folkets historiske fellesskap.

Folkebevegelsen Mot Innvandring er en tverrpolitisk opplysningsorganisasjon som arbeider for å stoppe den fremmedkulturelle masseinnvandring til Norge.

Les mer om organisasjonen

Gi et bidrag til FMI, kontonr.: 0530.40.68169.

Vipps 43995

Den offisielle Twitter-kontoen til FMI: https://twitter.com/FMInnvandring

FMI på Mewe.com

Altakraftverket i Finnmark. Bilete: Wikimedia commons.

Ope brev til Næringsminister Jan Christian Vestre, Ap.

Ditt svar til meg om straumsaka av 24.10.2022.

Takk for freistnad på svar på mine spørsmål. Men svaret var eigentleg trist lesnad då du held deg til den politisk korrekte versjonen som vi heile tida høyrer frå styresmakta. Og ein ting kan vi gløyme når det gjeld saka om fyllingsgrad i vannmagasina og kraftproduksjonen i Noreg, det er Russland og krigen i Ukraina!

Russland ville nok meir enn gjerne levere gass til Europa, Tyskland, men det var det ein del andre i vest som ikkje likte, og derfor vart nokre gassleidningar øydelagde. Og det er ulogisk å hevde at det var Russland som stod bak denne ugjerninga. Putin ønskte å sende gass til vest gjennom det røyrsytemet som andre ikkje hadde klart å øydelegge, men Tyskland sa Nei!

FMI drives av ren idealisme, uten statlig økonomisk støtte! Støtt FMI økonomisk: Kontonr.: 0530.40.68169 - Vipps: 43995. Medlemskap i FMI kr 300,–.

Og Russland har som sagt ikke noko med fyllingsgraden i vassmagasina våre å gjere, heller ikkje kor mykje vi produserar straum når vi tømer desse magasina!

Det sokalla grøne skiftet har vorte ei heilag ku i Vesten og ikkje minst i Noreg der vårt vesla land skal stå for redninga av verda mellom anna ved å pepre hav og land med vindmøller, og der vår norske natur skal vandaliserast for ein «reinare» klode. Elektrifisering av sokkelen er eit håplaust føretak og planar, sokkelen og plattformene har rikeleg mogelegheiter til å skaffe straum der ute, dei kan nytte noko av den gassen dei hanterar til å drive turbinar til stødig kraftproduksjon. Skulle det vere verre å brenne gassen der ute enn å brenne den i Tyskland eller i andre delar av EU? Og om dei der ute på plattformene skulle få lyst til å ha ei vindmølle til pryd og nytte så kan den jo installeres på plattformene. Er det ingen innan politikken eller øvrige eliten som ser galskapen ved å legge kablar frå land ut til oljeplattformene?

Nei, næringsminister, vi treng ikkje ei gigantisk havvindutbygging, slik du skriv. Det vi treng er ei modernisering av gamle leidningsnett og kraftstasjonar. Her er det mykje kraft å hente, og vi har meir enn nok elkraft til eige bruk av vasskrafta i dag. Du skriv at det har vore dårleg tilsig og høg kraftproduksjon, ja, og kvar har så den krafta gått? Det veit vi alle, sjølv vi som ikkje befinn oss mellom dei overkloke elitane. Kanskje sunt bondevit er nok for å forstå det? Det burde vere klårt at når det av og til er vekslande nedbør, snøsmeltinga er vanlegvis stødig, så er det viktig at magasina vert haldne oppe for å kunne brukast av i tørre ver-periodar. Det er ikkje fornuftig politikk å køyre produksjonen på høggir når vannstanden er oppe for så å stå att med tømde magasin i tørkeperioder. Derfor skulle magasinfyllinga vere forsvarleg slik at tørkeperiodene kunne komme, slik dei gjer av og til. Om magasina var oppe gjennom 3 eller 5 år var greit. Vi hadde dei i bakhand når krisene kom! Det vert hevda at i slike kriseperiodar så skal vi få tilbake straum gjennom kablane frå Tyskland. Men Tyskland treng vel sjølv den krafta dei kan produsere til eige bruk. Eg kan ikkje sjå for meg at dette er ein automatikk i, når vi har tørkeår. Då får vi straum frå dei som eller må få kraft frå oss? Kanskje også desse har el-krise då? Dette skurrar kraftig, herr næringsminister!

Abonnement Norge Er Vårt kr 120,–. Enkeltnummer kr 65,–. Kontonr.: 0530.40.68169.

Eg kan nemne at på Vestlandet har det stort sett hølja ned både i sumar og i haust. Ein gjennomgang eg sjølv har gjort viser at gjennom dei siste 26 dagane i oktober har det vore 22 dagar med regn, meir eller mindre. For å få folkemeininga med på kraftgalskapen så har Høgre sin Nikolai Astrup lokka oss med at denne gigantiske havvindutbygginga skal ilandførast i Noreg. Ja, kanskje det, men den vert då ilandførd til fastlandet for så å verte vidareførd gjennom kablane til EU/Tyskland! Etter som tida går, og galskapen held fram, så vil desse havvindprosjekta verte knytta saman og førd gjennom kablar til kontinentet. Vår natur og hav vert skamfert for å tilgodesjå andre, og vi vil aldri sjå snurten av denne krafta. Og vi treng den aldeles ikkje! Meir kraftutbygging og vindkraft på hav og land, og stadig straumkrise og høge straumprisar, vil verte argument for fullt medlemskap i EU. Gjennom dei siste 600 åra har vi vore under andre statar i 500 år og vorte ribba for mykje, men det vi har sete att med er å lære oss å vere husmenn i eige land, og denne ånda vil vi bere med oss vidare, ser det ut til. Dette syt dei globalistiske og EU-venlege elitane for.

Du skriv at regjeringa vil med sine kraftutbyggingsplanar doble den norske energiproduksjonen. Då spør eg: Kvifor, det er då ikke her i landet denne produksjonen skal nyttast? Det er ikkje for å sikre ein trygg og stabil forsyning av kraft framover de vil auke tempoet i kraftutbygginga, slik du skriv. For denne sikre og trygge kraftforsyninga ville vi ha om det ikkje var for energi-sluket i Tyskland og EU. Med auka folketal grunna migrasjon frå sør og sør-aust får dei syte for sine eigne land sine primærbehov sjølv. Heller ikkje vi treng slik folketals auke og har såleis elektrisk kraft for lang lang tid sjølve. MDG og andre fantstar innan naturøyding må ikkje lime Noreg meir inn i EU eller andre overnasjonale samanslutningar enn kva vi allerede er. Men som det har vore sagt. Støtt der nordmenn lyt vera med når Norigs merke skal hoggast ned.

Herr Næringsminister, no er det vår tur til å råde over eige land og tuft og grunn!

Norvald Aasen
Askvoll, 26.10.2022

Du har ikke rettigheter til å poste kommentarer


Del denne siden:
Del på Facebook Del på Twitter Del på LinkedIn

Aktiviteter

aktivitet

Aktivisme Gudbrandsdalen
Søndag 28.august 2022


Info i Sør-Trøndelag og Oppland
Tirsdag 21. september 2021


Randesund, Kristiansand ble opplyst
Søndag 27. september 2020


«Protestfestivalen» i Kristiansand
Søndag 27. september 2020


Elverum ble opplyst
Søndag 27. september 2020


Opplyste handleglade nordmenn i Sverige
Tirsdag 18. august 2020

 

Gi et bidrag

FMI mottar ingen offentlig økonomisk støtte. For å utføre vårt arbeid er vi avhengig av pengebidrag fra medlemmer og sympatisører.

Les mer

Norge Er Vårt

Norge Er Vårt er FMIs medlemsblad og mottas som en del av medlemskapet.

Du kan abonnere uten å være medlem i FMI.

Les mer

Viktige nettaviser

politisk_ukorrekt



Alternativer til media som holder tilbake informasjon, ved hjelp av politisk korrekt sensur.

Please install and enabled plugin Vinaora Visitors Counter firstly

Vi har 516 gjester og ingen medlemmer på besøk.


 
Adresse: FMI, Postboks 70 Sentrum, 6501 KRISTIANSUND N. - E-post: fmi[at]fmi[dot]no - Telefon: 977 06 152 - Bank: Postbanken (DnB NOR Bank ASA) - Kontonr.: 0530.40.68169 - Vipps: 43995 - BIC-adresse: DNBANOKKXXX - IBAN-nr.: NO23 0530 4068 169 - Org.nr.: 994 552 554
FMI ©2006-2015