Foto: Alf Kronvall/norden.org

Nordisk Hus i København. Bilde: Alf Kronvall/norden.org.

Sverige har ført ein innvandringspolitikk til skrekk og gru – enno verre og diktatorisk enn i vårt land. Det som før var eit trygt og fredeleg land med eit velferdssystem i verdstoppen har blitt eit utrygt og kriminalisert samfunn gjennom den uvettige innvandringspolitikken.

Eit døme inn i mellom skyting, bombeeksplosjonar, ran og valdtekter er å observere den valdelege villskapen av hordane med blant andre muslimske ungdommar som går amok då Rasmus Paludan sette fyr på koranen fleire stadar i Sverige. Det var nok til å tenne “intifadaen” berre Paludan proklamerte at koranen ville bli brent på ein stad, utan at han i heile tatt var i området. Veksten av innvandrarar, særleg frå “shithole-land” i Sverige er blitt så stor og omfattande at sjølv om det nærmast vart full stopp i denne innvandringa – vil neppe den tragiske utviklinga snu. Tvert i mot – den vert forsterka etter som åra går.

FMI drives av ren idealisme, uten statlig økonomisk støtte! Støtt FMI økonomisk: Kontonr.: 0530.40.68169 - Vipps: 43995. Medlemskap i FMI kr 300,–.

Det er no ca. 2,1 millionar som er fødde i utlandet i Sverige av totalbefolkninga på 10,5 millionar, og då er ikkje andre og tredje generasjon tekne med i statestikken då desse vert rekna som “svenske”. Dei fleste av desse har røter i muslimske land. Kan denne skremmande utviklinga få nordmenn til å lette på augeloka?

Vi kan ikkje gjere noko med uforstanden i Sverige, men vi burde revurdere Den nordiske passkonvensjonen av 1954. Den gjev alle statsborgarar i dei nordiske landa rett til å busetje seg fritt innanfor Norden utan å måtte søkje om opphaldsløyve. Ein må berre melde om flytting i folkeregisteret. Situasjonen i Norden har blitt heilt annleis enn det var det i 1954. Når deler av Sverige liknar på “shithole-land” i Midtausten, bør ikkje det vere grunn til at svenske statsborgarar fritt kan busetje seg i vårt land. Her har det blitt gale nok frå før med den lemfeldige innvandringa. Svenske statsborgarar som flyttar til Norge har også rett til norsk sosialhjelp som er langt rausare enn den svenske. Så når “ragnaroket” breier om seg i Sverige er det også grunn til å tru at det er dei “muslimske svenskane” som først rømmer landet og søkjer lukka i Norge og i dei norske velferdsordningane.

Abonnement Norge Er Vårt kr 120,–. Enkeltnummer kr 65,–. Kontonr.: 0530.40.68169.

Det er vel neppe realistisk å tru at norske politikarar skal ta opp ei revurdering av Den nordiske passkonvensjonen i til dømes Nordisk råd. Det er vel berre ein koseklubb for politikarar? Men det burde verte ei sak i nær framtid for parti som Demokratane, Partiet De Kristne og Frp.

Magnar A. Bakke
Eid, 14.5.2022