header

Foto over: Wikipedia.org,

norway 1402729 1920

Bilde: fra Pixabay.com

Vi arbeider for en lovgivning og en praksis som sikrer at Norge forblir en enhetlig nasjonal stat med basis i vår norske og kristne kulturarv og folkets historiske fellesskap.

Folkebevegelsen Mot Innvandring er en tverrpolitisk opplysningsorganisasjon som arbeider for å stoppe den fremmedkulturelle masseinnvandring til Norge.

Les mer om organisasjonen

Gi et bidrag til FMI, kontonr.: 0530.40.68169.

Vipps 43995

Den offisielle Twitter-kontoen til FMI: https://twitter.com/FMInnvandring

FMI på Mewe.com

Jens Kihl wikimwdia commons

Journalist i Bergens Tidende, Jens Kihl. Foto: Wikimedia Commons.

I BT, laurdag 11.12.2022 serverar kulturredaktør, Jens Kihl, ei merkeleg julehelsing til avislesarane. Mykje er rørd saman, og han ser seg sjølv, og dei han er eindel av, som eit vinnarlag.

Og det skal kunne seiast at dei har vunne fram med det meste av det dei har gått til felts mot. Det skulle då berre mangle for dei er staten sine talerøyr og rikeleg løna for dei oppgåvene dei har teke på seg, og som dei gler seg med å utføre, nemleg å nedkjempe vår kristne kultur og det meste av det som vi reknar som norsk. Dei har vrengt på lippa i rein avsky mot alt som smakar av kristenmanns blod og vår norske slektsarv.

«Eg er ateist med heile meg. Eit religionsfritt samfunn er noko av det eg fryktar mest», skriv kulturredaktøren. Kulturstorheiten i BT kan vere trygg på at han ikkje vil oppleve eit religionsfritt samfunn. For når han saman med vinnarlaget sitt har kjempa i kne vår kristne kulturarv då står ein mektig religion på trappa, og den har dei fått leia godt inn i alle avkrokar i vårt samfunn. Og det er islam. Den religionen vil sikkert kultureliten saman med sine statlege million-bevilgningar ha glede av i framtida. Kva det vil bety for oss vantru treng vi ikke å lure på!

FMI drives av ren idealisme, uten statlig økonomisk støtte! Støtt FMI økonomisk: Kontonr.: 0530.40.68169 - Vipps: 43995. Medlemskap i FMI kr 300,–. 

Kihl siterar ein prest, Åste Dokka, som fortel at i mange bygder er det kanskje ein eller to som kjem til gudstenestene. I byar melder kanskje ingen seg til konfirmasjon og dåpstala skrumpar. Ja, vel, Kihl, dette er jo eit bevis på at de har lukkast med nedbrytinga av kristendomen og kan glede dykk over det! Og kva skal så ateistane gjere vidare? Jau, bort med tvang og tru, dei er jo vinnarlaget, følgje redaktøren. Men kva med tvang og tru under den religionen som dette «vinnarlaget» har opna dørene og landet for? Det burde dei gjerne spørje IS om, dei vil truleg der få vite at vinnarlaget går ljose tider i møte.

Kihl skriv at dei sjølve har bede kristenfolket om å vere rause. Dette er feil utrykk i denne samanhengen, for det rette ordet her er hets – reinspikka hets mot kristenfolket! Og no er det vinnarlaget som må vere rause, skriv redaktøren. Men det har de jo vore til dei grader, altså mot dei som de har arbeidd for skal overta etter vertsfolket som de har kjempa i kne. Med sekulariseringa har samfunnet vorte friare og enklare å leve i for mange, meinar redaktøren. Kvinner, skeive, og minoritetar som ikkje har levd opp til det kristne moralsynet har fått det betre. Men korleis vil mange av desse gruppene han nevner få det under den religionen som han og vinnarlaget hans svermar for? Denne ideologien og religionen har svært strenge normer som samfunna deira skal leve etter. Korleis går det då med ateistane og deira vinnarlag? Dette vinnarlaget burde kanskje setje opp Omars Pakt som leveregel for det samfunnet dei ynskjer seg og ikkje minst slik dei ynskjer det skal verte for oss vantru.

No vil denne kulturredaktøren gje oss som ikkje deler ateisatane sine haldningar ei mjuk landing, kva no det skal bety. Når dei har fått alt som luktar kristenmanns blod, og vårt folkeferd, til kanten av stupet då er det nok likegyldig om vi hamnar i avgrunnen med mjuk eller hard landing. Meininga er nok at vi ikkje skal ut frå den avgrunnen likevel.

Når vi ser alle desse avis- og mediaredaksjonane landet rundt med eit hav av tilsette som fører same einssretta bodskap og meiningar ut i samfunnet, vel løna av staten, så vil vi skjøne at dette er så enorme bataljonar som berre har til oppgåve å hjelpe statseliten med å forandre og forvandle vårt eingong så fredelege samfunn til det ugjenkjennelege.

Abonnement Norge Er Vårt kr 120,–. Enkeltnummer kr 65,–. Kontonr.: 0530.40.68169.

Eg tvilar på at det er klangen frå klokkene som kimar til julefest som får «vinnarlaget» til å vere «rause», men heller tanken på god mat og drikke samt nokre ekstra fridagar der dei kan tenke gjennom nye trekk i kampen mot den 1000 års gamle «plageånda» – kristendomen.

Norvald Aasen
Askvoll, 20.12.2022


Del denne siden:
Del på Facebook Del på Twitter Del på LinkedIn

Aktiviteter

aktivitet

Aktivisme Gudbrandsdalen
Søndag 28.august 2022


Info i Sør-Trøndelag og Oppland
Tirsdag 21. september 2021


Randesund, Kristiansand ble opplyst
Søndag 27. september 2020


«Protestfestivalen» i Kristiansand
Søndag 27. september 2020


Elverum ble opplyst
Søndag 27. september 2020


Opplyste handleglade nordmenn i Sverige
Tirsdag 18. august 2020

 

Gi et bidrag

FMI mottar ingen offentlig økonomisk støtte. For å utføre vårt arbeid er vi avhengig av pengebidrag fra medlemmer og sympatisører.

Les mer

Norge Er Vårt

Norge Er Vårt er FMIs medlemsblad og mottas som en del av medlemskapet.

Du kan abonnere uten å være medlem i FMI.

Les mer

Viktige nettaviser

politisk_ukorrekt



Alternativer til media som holder tilbake informasjon, ved hjelp av politisk korrekt sensur.

Please install and enabled plugin Vinaora Visitors Counter firstly

Vi har 1138 guests og ingen medlemmer på besøk.


 
E-post: fmi[at]fmi[dot]no – Kontonr.: 3905.24.78654.
FMI ©2006-2015