header

Foto over: Wikipedia.org,

norway 1402729 1920

Bilde: fra Pixabay.com

Vi arbeider for en lovgivning og en praksis som sikrer at Norge forblir en enhetlig nasjonal stat med basis i vår norske og kristne kulturarv og folkets historiske fellesskap.

Folkebevegelsen Mot Innvandring er en tverrpolitisk opplysningsorganisasjon som arbeider for å stoppe den fremmedkulturelle masseinnvandring til Norge.

Les mer om organisasjonen

Gi et bidrag til FMI, kontonr.: 0530.40.68169.

Vipps 43995

Den offisielle Twitter-kontoen til FMI: https://twitter.com/FMInnvandring

FMI på Mewe.com

innvandring madrid g317f27685 1280 pixabay com

Heilt sidan den 4. oktober 1887 då FMI vart stifta i Haugesund for å drive opplysningsverksemd i håp om å kunne stoppe masseinnvandringa til riket har det hagla med skuldingar mot FMI for å vere rasistar, nazistar, framandfiendtlege, fulle av fordommar og for til og med å vere valdelege. Verst var det vel i dei første åra då Arne Myrdal var formann.

FMI vart stadig utsett for ulike provokasjonar frå dei såkalla “antirasistane” og det hadde vore fleire episodar der nordmenn var blitt rana, slått ned og til og med blitt knivstukne av innvandrarar. Politiet hadde vist manglande evne og vilje til å beskytte lovlege møte arrangert av gode nordmenn. Desse møta vart ved gjentekne høve angripne og øydelagde med trakassering og vald utført av dei sjølverklærte “antirasistane”, blitzarar og anna pakk, også av utanlandsk herkomst. Det var då Arne Myrdal i frustrasjon uttalte til media at han ville organisere eigne vaktstyrkar og at norsk ungdom burde få opplæring i sjølvforsvar. Dette vart forvrengt i media til at no skulle FMI opprette kampgrupper som mellom anna skulle angripe innvandrarar med kniv. Media kappast med store feite oppslag for å kriminalisere organisasjonen og for dermed å hindre at den skulle få auka oppslutning blant folket. I ettertid har media brukt desse episodane for å halde minnet levande og for å skremme folket med visse mellomrom, for så på feilaktig grunnlag hevde at FMI har fremja bruk av vald, noko styret i FMI kontant har avvist.

Media har alltid vore på barrikadane for “flyktningane” og innvandrarane sine saker. Ved eit eventuelt avslag på søknad om opphaldsløyve i riket, spring dei ofte til media der dei veit at det er støtte å få for å presse seg inn i landet. Det har også vore flittig bruk av “kvite” løgner for å hindre utsendelse som til dømes at “ei heil bygd slår ring om asylsøkjarane” sjølv om det berre dreiar seg om nokre få personar. Ved å kontakte folk i bygda får ein eit heilt anna inntrykk. Men media tek sjansen på å bruke slike oppslag fordi dei veit at få eller ingen vågar å stå fram og protestere.

Det kan ikkje vere tvil om at media med sitt store engasjement til støtte for masseinnvandringa, og ved å fordømme ein kvar opposisjon - har hatt ein avgjerande innflytelse på masseinnvandringa til Norge der politikarar har gjeve etter for presset og vedteke ei liberal utlendingslov, og for dermed å ha ført ein lemfeldig og skadeleg innvandringspolitikk.

No når resultatet av masseinnvandringa til Sverige ikkje lenger er til å skjule med den sterkt aukande grove valdskriminaliteten, sprenging av bomber og handgranatar - så "fargeriket" er på god veg mot ragnarok, har fleire i media her heime teke til å vakne - kan det synest som. Det har blitt skrive nokre leiarkommentarar og innlegg om at det kanskje no er på tide å drøfte problema kring innvandringa og å leggje berøringsangsten bak seg. Det er i alle høve langt på overtid. Fram til no har mange av dei som har snakka sant og realistisk om utfordringane med innvandringa blitt skulda for å vere rasistar, nazistar, ha islamofobi og for å vere framandfiendtlege, nedsylta i fordomar osv. Folk er livredde for å verte skulda for slik nedverdingande sjikane. Det synest som om dette har gjort noko med den grunnleggjande mentaliteten blant folk her i landet. Det kan minne om tilhøva under den nazi-tyske okupasjonen 1940–45 då folk med god grunn var redde og varsame for å uttykkje meiningar som kunne vere støtande og verte fretta av "herrefolket". Dette kan nok vare ved i lang tid framover ved at folk reagerer med motvilje og antipati mot dei som ytrar seg kritisk til dei store destruktive utfordringane knytt til innvandring og islam. Tolegrensa er overskriden for mange år sidan.

Når historia ein gong vert skriven i framtida vonar eg det vert påtrengjande for framtidige attlevande generasjonar Nordmenn å opprette ein Sannings- og landssvikkommisjon for å belyse og setje på plass ansvaret til dei som var hovudansvarlege for den uopprettelege og utilgivelege skaden innvandringspolitikken påførte nasjonen i vår tid. Og at dei mest aktive som skjelte ut og demoniserte blant andre FMI vert omtala som det dei eigentleg var, og då passer det med eit sitat frå “Noregs dag" av Per Sivle:

Me fann oss vårt land, me bygde vårt land, og landet fekk Noregs namn.

Og rett som det var, so sveik me vårt land og gav det i framand famn.

Men endå det vart då laga som so at Nordmenn, dei eig sitt Noreg enno.

– Vårt Noreg, dei hev-kje råd, dine menn, å svika deg ein gong enn.

Magnar A. Bakke


Del denne siden:
Del på Facebook Del på Twitter Del på LinkedIn

Aktiviteter

aktivitet

Aktivisme Gudbrandsdalen
Søndag 28.august 2022


Info i Sør-Trøndelag og Oppland
Tirsdag 21. september 2021


Randesund, Kristiansand ble opplyst
Søndag 27. september 2020


«Protestfestivalen» i Kristiansand
Søndag 27. september 2020


Elverum ble opplyst
Søndag 27. september 2020


Opplyste handleglade nordmenn i Sverige
Tirsdag 18. august 2020

 

Gi et bidrag

FMI mottar ingen offentlig økonomisk støtte. For å utføre vårt arbeid er vi avhengig av pengebidrag fra medlemmer og sympatisører.

Les mer

Norge Er Vårt

Norge Er Vårt er FMIs medlemsblad og mottas som en del av medlemskapet.

Du kan abonnere uten å være medlem i FMI.

Les mer

Viktige nettaviser

politisk_ukorrekt



Alternativer til media som holder tilbake informasjon, ved hjelp av politisk korrekt sensur.

Please install and enabled plugin Vinaora Visitors Counter firstly

Vi har 378 guests og ingen medlemmer på besøk.


 
E-post: fmi[at]fmi[dot]no – Kontonr.: 3905.24.78654.
FMI ©2006-2015