header

Foto over: Wikipedia.org,

norway 1402729 1920

Bilde: fra Pixabay.com

Vi arbeider for en lovgivning og en praksis som sikrer at Norge forblir en enhetlig nasjonal stat med basis i vår norske og kristne kulturarv og folkets historiske fellesskap.

Folkebevegelsen Mot Innvandring er en tverrpolitisk opplysningsorganisasjon som arbeider for å stoppe den fremmedkulturelle masseinnvandring til Norge.

Les mer om organisasjonen

Gi et bidrag til FMI, kontonr.: 0530.40.68169.

Vipps 43995

Den offisielle Twitter-kontoen til FMI: https://twitter.com/FMInnvandring

FMI på Mewe.com

Ein offisiell uttalelse frå FMI.

logo.2Tidlegare i år (16/7) publiserte NRK Sogn & Fjordane ein artikkel på kanalen sin nettstad som omtalar ei ”landssvikar-liste”, og der bl.a. fylkesmann Oddvar Flæte i Sogn & Fjordane står oppført. Fylkesmannen har uttala at han ynskjer seg eit fleirkulturelt fylke. Bak lista står Oddbjørn Jonstad som er formann i Norsk Folkeparti, og ei rekkje namn over personar som bidreg til masseinnvandringa - det sokalla fleirkulturelle Norge - står der oppført. Fylkesmannen gir også uttrykk for at han ikkje let seg skremme av - som han kallar det - eit åtak på ytringsfridomen, samt at Norge har ein menneskeleg og juridisk plikt til å ta vare på dei som kjem til landet.


For å få forståing av kva som er bakgrunnen til ei slik liste, må ein sjå det heile i eit historisk perspektiv. Ein må då gå tilbake til slutten på 1960-talet og byrjinga på 70-talet då bl.a. dei fyrste pakistanarane kom til Norge. Offentlege innstansar forsøkjer å forfalske historia ved å hevde at norsk industri i samarbeid med norske styresmakter rekrutterte arbeidskraft i frå land som Pakistan, Tyrkia og Marokko. Det er ikkje tillfelle. Dei var turistar, turistar som fekk opphald på feil grunnlag. I Finland var tillhøva dei same, men der gjorde styresmaktene det einaste rette, og returnerte dei til heimlanda med charterfly. (Sjå også vedlegg 1, Historieforfalskningen om den fremmede innvandring til Norge.
 (Fakta: http://www.fmi.as/component/content/article/237 .))

Vidare er det viktig å sjå korleis eit fleirkulturelt samfunn dei siste tiåra har påvirka norsk kultur og religion. Auken av kriminalitet, kva stilling ytringsfridomen står i, og korleis styresmaktene har påvirka praktiseringa av denne i vårt tilsynelatande frie og demokratiske samfunn. Samstundes må ein minne om nasjonalstaten sine prinsipp og soleklåre rett til eksistens.

Nasjonalitetsprinsippet og nasjonalstaten
Når grenser skulle trekkast mellom land og folk i den vestlige verda, rekna ein det som sjølvsagt at landegrensene i størst mulig utstrekning skulle følgje nasjonalitetsprinsippet, slik at menneske med same språk, kultur, felles historie osv. danna ein stat med sjølvstyre. Det er dette prinsipp dei fleste Vestlege land er tufta på.

Det vi har sett dei siste 40 åra, sidan tidleg 1970-talet då masseinnvandringa tok til, er ei stadig nedbygging av nasjonalstaten og utvisking av nordmenns etniske tilknytning. Vi er vitne til at stadig fleire utlendingar kjem inn i kommunestyrer og etter kvart også Det norske Storting, og med krav om særordningar i samfunnet som skal passe den einskilde minoritet av befolkninga. Anten det er krav om aldersheimar tillrettelagt for innvandrarar, eller morsmålsundervisning i skulane til dei over 200 etniske minoritetane som er i landet, gir politikarane grønt lys til det meste. (Sjå også vedlegg 2, Krav fra innvandrerne. (Fakta: http://www.fmi.as/component/content/article/234 .))

I Oslo tildømes kunne ein i media i fjor (Aftp. 22/8-09) lese om norske foreldre som flytta borna sine frå skular med høg andel av framandkulturelle elevar. Fare for dårleg norskopplæring og identitetsproblem er bl.a. grunngjevinga. I fjor var til dømes elevar med utanlandsk bakgrunn i fleirtal på heile 52 av 125 grunnskular i Oslo. Sju av desse har meir enn 90 % med utanlandsk bakgrunn. Hausten 2008 var 68 % av dei innskrevne 6-åringane i Oslos skular framandspråklege.

Ytringsfridomen og statsfinansiert pøbel
Då masseinnvandringa for alvor skaut fart i midten av 1980-åra, var det mange som uttrykte stor uro. Folk var ikkje redde for å stå fram med meiningane sine. Etter kvart byrja media å ordlegge seg slik at motstand mot masseinnvandring var likt med nazisme og rasisme. Politikarane og media spela her på lag, og raskt vaks det fram ei offentleg haldning for norsk innvandringspolitikk, der meiningar mot denne var ekskluderande. Folk vart redde og færre torde ytre seg.

Då Folkerørsla Mot Innvandring blei skipa 4. oktober 1987, vart delegatane angripe av demonstrantar frå Sos Rasisme, og journalistar pressa seg inn i det som var eit lukka møte. Seinare vart Arne Myrdal fysisk angipen over femti gonger av bl.a. Blitz, Sos Rasisme og andre representantar for ”antirastiske” organisasjonar, i tida han virka som formann. Den som vart hardast råka av pøbelen, var Bjarne Dahl, som i 1993 på Youngstorget nær var ved å bli drepen under eit politisk valmøte. Mange vil også hugse den danske politikaren Mogens Glistrup og kona som tidleg på 1980-talet blei angripe av ”antirasistar” under eit besøk i Oslo. Episodane er mange.

Desse som kallar seg antirasistar har som kjent offentleg monopol på å definere begrepet rasisme, og etter at vi fekk § 135 (Rasismeparagrafen) har det vore fritt fram for denne type organisasjonar å utøve vald mot dei som vågar å protestere mot norsk innvandringspolitikk. Slike valdelige organisasjonar er offentleg finansiert.

Posten Norge AS til dømes, vart i 2004 så begeistra over Sos Rasisme at organisasjonen fekk 300 000 kroner i gåve, som var inntekt etter auksjon av pakkar som ikkje blir etterlyst p.g.a. uleselige adresser. ”Arbeidet til Sos Rasisme harmonerer med verdigrunnlaget vårt”, sa pressesjef Birgitte Lund Nakken i Posten (Firda 17/3-05).

Politikarane sin demokratiske vilje til å samarbeide med, og godta meiningsmotstandarar - i, og utanfor Norge - er ei sak for seg sjølv. Her heime har t.d. partia Venstre, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti markert seg sterkt mot å godta folket sin vilje, ved å nekte å sittje i regjering med Framstegspartiet.

I Sverige er tilhøve verre enn i Norge. Dei som følgde med i valkampen i år, var vitne til massive verbale åtak på Sverigedemokratane, og ekskludering frå valprogramma i radio og fjernsyn. Media har hovedansvaret for at slikt skjer. Statsminister Reinfeldt forsvarte t.o.m. eit valdelege åttak på Sverigedemokratanes David von Arnold Antoni, som fekk rissa eit hakekors inn i panna med kniv. Gjerningsmennene var to arabarar.

Då Jørg Haider og hans Frihetsparti gjekk av med valseieren i Austerrike i januar 2000, fekk han heile EUs maktelite mot seg, som isolerte hans regjering politisk. Her heime vil nok mange hugse at dåverende statsminister Bondevik og utenriksminister Knut Vollebæk uttala at dei ville følge situasjonen i Austerrike nøye. Som om det var deira oppgåve å avgjere kven austerrikarane skulle velge som sine politiske leiarar. Vollebæk uttalte også på radioen i den anledning at han ikkje såg på det å hindre eit folkevalgt parti til politisk virke som brot på demokratiet.

I 2005 vedtok Stortinget den nye diskrimineringslova, som i praktisk forstand var ei innføring av omvendt bevisbyrde og erstatningsansvar. ”Loven vil jo sette rettsikkerheten til helt vanlige lovlydige nordmenn i fare”, uttrykte Frps innvandringspolitiske talsmann, Per Sandberg, den gong.

Vi nordmenn er også langt på veg blitt rettslause i eige land, då innvandringskritiske meinigar ikkje blir akseptert innafor t.d. Forsvaret, og av mange arbeidsgivarar. Statsfinansiert ”antirasistisk” pøbel går også fri etter valdelege åttak på innvandringsmotstandarar / nasjonalistar.

Plikt til å hjelpe?
For å rettferdiggjere masseinnvandringa til Norge, brukar innvandringslobbyen alle mulige påstandar om at Norge er forplikta til å føre ”den opne dørs politikk”. Det er ei stor mistyding å tru at Norge eller andre land er forplikta av internasjonale konvensjonar til å gi asyl eller ta i mot flyktningar. Menneskerettane slår fast at alle har rett til å søke asyl, men sjølvsagt ingen rett til å få innvilga asyl. Sjølv ein internasjonal instans som Sameinte Nasjonar (SN) kan ikkje pålegge noko land til å gi asyl. SN kan heller ikkje pålegge eit land å ta i mot flyktningar, men norske politikarar har opp gjennom åra inngått - utan å spørje det norske folk til råds - avtaler med SNs høgkommissær om å ta i mot eit visst antal flyktningar per år. I tillegg kjem familiegjenforening. Slike avtalar kan når som helst seiast opp.

Konklusjon
Masseinnvandringa, som er ein politisk villa og -styrt politikk, og strir mot folkefleirtalet sitt syn, vil - dersom den årlege prosentuelle vekst av framandkulturelle innvandrara som har vore typisk dei siste tiåra held fram, med tilhøyrande familiegjenforening og store barnefødslar - føre til at nordmenn blir ein minoritet i eige land i løpet av dette århundre. Innbyggjarane i Oslo vil ha ei overvekt av framandkulturelle innvandrara rundt 2030.
fylkesmann_oddvar_flte
Tilhøva som har utvikla seg i Norge dei siste tiåra, og som politikarane med sine støttespelarar har direkte skuld i, er eit svik mot Norge og nordmenn som manglar sidestykke i historisk samanheng. Masseinnvandringa er brot med Grunnlovas § 1, og kvalifiserer til straffeforfølgelse iht. Straffelovas § 83. Haldningane til innvandrarlobbyistane bryt i tillegg med Verdserklæringa om menneskerettane Art. 19 og 20.1.

Fylkesmann Oddvar Flæte (bildet til venstre) fortener derfor å stå på Oddbjørn Jonstads landssvikar-liste.

FMIs uttalelse om landssvikarliste 091010

Sendt 14.10.10 til:
Fylkesmann Oddvar Flæte og den øvrige leiinga. Statsministerens kontor.

Sendt 18.10.10 til:
Fylkestingspolitikarane i Sogn & Fjordane. Media i Sogn & Fjordane.

Del denne siden:
Del på Facebook Del på Twitter Del på LinkedIn

Aktiviteter

aktivitet

Aktivisme Gudbrandsdalen
Søndag 28.august 2022


Info i Sør-Trøndelag og Oppland
Tirsdag 21. september 2021


Randesund, Kristiansand ble opplyst
Søndag 27. september 2020


«Protestfestivalen» i Kristiansand
Søndag 27. september 2020


Elverum ble opplyst
Søndag 27. september 2020


Opplyste handleglade nordmenn i Sverige
Tirsdag 18. august 2020

 

Gi et bidrag

FMI mottar ingen offentlig økonomisk støtte. For å utføre vårt arbeid er vi avhengig av pengebidrag fra medlemmer og sympatisører.

Les mer

Norge Er Vårt

Norge Er Vårt er FMIs medlemsblad og mottas som en del av medlemskapet.

Du kan abonnere uten å være medlem i FMI.

Les mer

Viktige nettaviser

politisk_ukorrekt



Alternativer til media som holder tilbake informasjon, ved hjelp av politisk korrekt sensur.

Please install and enabled plugin Vinaora Visitors Counter firstly

Vi har 1422 guests og ingen medlemmer på besøk.


 
E-post: fmi[at]fmi[dot]no – Kontonr.: 3905.24.78654.
FMI ©2006-2015