aasenHar nettopp sett gjennom avisa Norge idag som kom i dag (27/1). Det er to saker eg merkar meg, den eine er om Tallerås/Stangeland som avisa stadig sutrar for. Desse hedersmenn! La meg seie det slik: Her har vi to vaksne menn som gjennom mange år har levd godt som stortingsrepresentantar, med god løn, alt gratis i samfunnet, reiser, telefon, aviser, feite diettpengar +,+,+. Så har dei i tillegg feite styrehonorar, men dette skal ikkje vere inntekt liksom, for såleis kan dei oppnå  ein rundeleg stortingspensjon. Dette er folk som etter mitt syn ikkje har magamål når det gjeld pengar og materiell rikdom. Om denne avisa ikkje har meir trengane menneske å sutre for så må også denne avisa få lov å klare seg utan mine abonnementspengar i framtida.

Ei anna sak er denne evindelege Maria Amelie-saka som Anita Apelthun Sæle sutrar for, heilt i tråd med dei andre politisk korrekte asyllobbyistane. Er det med slik framferd som ho og mange tusen andre papirlause har gått fram at dei vil starte i eit framandt land? Er det lovstridigheiter og falske identitetar som skal premierast av samfunnet? Medan vi andre må rette oss etter gjeldande regelverk så vert altså regelverk justert og skreddarsydd for å falle i smak og å tjene utlendingar. Er dette rettferd? Det er altså slik Anita Apelthun Sæle og andre som ønskjer å skifte ut nordmenn med andre folkeslag vil ha det? Eg kan nemne at nordmenn og samar utgjer omlag 4 mill. av dei 4,9 mill. sjeler som no er busette i Norge. Det skal ikkje mykje til før dei framande veks oss over hovudet og vert i fleirtal her i landet. For fru Sæle og andre lobbyistar kan det vere ei trøyst at dette alt kan skje om 30 år. Men det er mi gru! Kva då med dei som kjem seinare i rekkene og som er etterkomarar av nordmenn? Er det kanskje ikkje så nøye med dei?

Eg snakka eingong med Anita A. Sæle på telefonen då ho sat på tinget og saman med SV og Sp arbeidde for omgjering av andre asylsaker. Fru Sæle var noko av det verste av kjeftsmellene som eg har opplevd å høyre på. No skal altså vi som abonnerar på denne avisa få inn i skolten endå meir av hennar ”klokskap”, om det kan kallast det. Eg er lite nøgd med at pressa, alt av den, kun skal vere til å betale på slik at vi skal få lov til å berre høyre på, og lese om, kva mediafolket meinar om ditt og datt. Sender vi lesarbrev med våre synspunkt på det som for oss er livsviktig, nemleg vår framtid som nasjon, så er spaltene låste med hengelås, men mediafolket og redaksjonane kan velte seg i spaltemeter, side opp og side ned, der dei kan fortelje oss dødelige kva som er rett  og vitugt av tankar og handlingar.

Eg vedlegg mitt lesarbrev i høve Maria Amelie-saka. Skulle gjerne nytta hennar rette namn, men det har media stort sett halde skjult for ålmenta. For når ein har falsk identitet så har ein mange støttespelarar, og sanninga har for det meste ikkje Kari og Ola godt av å kjenne til. Eg gjev avisa Norge idag rett til å trykke mitt lesarbrev for at i det minste dei som les denne avisa kan få litt balanse i synspunkta. For mitt vedkomande er det totalt uaktuelt å gå som eit kua krek som berre skal rette meg etter kva som er politisk korrekt.