aasenLa det berre vere sagt, vi ønskjer ikkje terrorhandlingar på norsk jord eller i Europa eller same kven den kjem frå, enten gjerningsmennene er forankra på høgresida, på venstresida herunder kommunistar og nazistar, eller frå muslimar.

Det vi nasjonale ønskjer er medbestemmelse i samfunnet og å vere med på å avgjere korleis vårt eige land skal vere i framtida. Slik medbestemmelse og nordmenn sin sjølvråderett over eiga framtid har vi ikkje i dag. Eg krev å kunne kalle meg nasjonalist utan at media og resten av samfunnseliten framstiller meg og mine meiningsfeller som kriminell som må ekskluderast frå samfunnet og statsfellesskapet. Eg krev at eg, og andre nordmenn, kan vere usamde i masseinnvandringa og framandgjeringa av vårt fedreland. Eg krev at vi kan vere usamde i at vår tusenårige kristne kultur vert utskifta med ei total islamisering av Norge av ein arrogant og eigenrådig maktelite. Dette er enkle krav som eg stiller utan at eg skal verte sett i bås med personar som mister forstanden av det dei ser makteliten pressar nedover oss for å blidgjere verdas globalistar.

I BT den 27. juli 2011 skriv Olav Kobbeltveit om ”Hatet mot multikulturalismen”. Han kunne heller skrevet litt om dei multikulturelle svermarane sitt hat mot nasjonane og nasjonalstatane. Han kunne gitt noko av seg sjølv ved å fortelje oss om dette hatet mot oss som urfolk. Same avisa har også bilete av ein muslimsk innvandrar frå Grønland i Oslo som vert intervjua, og overskrifta: Det nye norske ”vi”.  Dette ”vi” er eit misfoster som aldri vil skape eit lukkeleg og konfliktfritt Norge. Dette veit alle, men nordmenn skal tvingast til å avstå alt som er vårt og innrette oss under multikulturalismen som no har si storheitstid.

Feite flosklar
Det er dette statsminister Stoltenberg så flott i ei av sine talar etter tragedien kallar for vårt demokrati og av alt ”folkestyre”. Dette folkestyre avgrensar seg for det meste til at vi ved val får lov å røyste på kandidatar som partieliten har plukka ut for oss. Om vi skulle vere så freidige at vi prøver å stille med parti og kandidatar som høver oss sjølve så har vi media, partieliten og rampen på nakken med uthenging, latterleggjering og kriminalisering. Slik er demokratiet og vårt påståtte folkestyre.

Ein anna floskel frå den same statsministeren var at: ”Vi er et lite land, men et stolt folk”. Ja, vi er eit lite land, altfor lite til å vere mål for folkevandringar, vi er knapt 4 mill. nordmenn og samar. Men vi er ikkje lenger eit stolt folk! Om vi var det så ville vi reist oss mot framandgjeringa og avhendinga av vår nasjonalstat. Når vi har vore så frimodige at vi har hevda at vi er stolte av vårt folk, land, vår historie, kultur og det som er vårt, så har vi vorte overlessa med at vi er navlebeskuande, egoistiske, intolerante, rasistiske og ikkje minst nazistar. Stoltenberg kan ikkje vise til at vi er eit stolt folk, den stoltheita har han sjølv vore med å ribba oss for. I staden er nordmenn i dag eit kua husmannsfolk som har lært seg å stå med hatten i handa og vere ynkelege grindopnarar for alt som er framandt. Slik tener vi også ”våre” leiarar som mange har lete seg lure til å røyste fram til makta. Den makta dei elskar!

Terrortragedien
Er det slike metodar som skal til for å nå fram i dette ”folkestyre” så gud hjelpe meg!
Nyleg såg eg i avisene at den terrorsikta skulle ha vore medlem hos Frimurarane, desse vart  nærast mistenkte for å sympatisere med gjerningsmannen. Slikt er jo sprøtt! Som ein mann sa: Vi veit kva som er grunnen til ugjerninga! Og grunnen er masseinnvandringa som har gått over stokk og stein med framandgjering og omvelting av vårt land, og som har vore pressa på landet sine urfolk. Kanskje skulle folket vårt også vore modige nok til å stille i fakkeltog for å redde vår nasjon og vår nasjonalstat. Sjølv utan at det passar eliten og deira medløparar.

Terrortragedie 310711