Ope brev: Til Arild Grande, Ap.
Arild Stokkan-Grande. Foto: Wikimedia Commons.
Viser til innslag på Dagsrevyen den 18. oktober 2016 i samband med sak om statstilskott til TV2. Her uttrykkjer du uro for nedbemanning i mediabransjen om ikkje TV 2 får bestå vidare.
Min kommentar til di uro er denne: Ingen ting skulle glede meg meir enn at mediabransjen vart nedmanna og vengestekka! Er di uro grunna i at vi ville verte mindre overlessa med politisk korrekt propaganda, og at vi dermed vart meir sjølvstendige som individ og såleis vart nødd til å tenke sjølv? Det var vel denne "faren" som også uroa Gro Harlem Brundtland då ho i 1979 utforma og presenterte stortingsmelding nr.74 med det den innebar av omveltning av vårt norske samfunn?
Ope brev til Grande 211016
Norvald Aasen
Kvammen, 21.10.16