header

Foto over: Wikipedia.org,

norway 1402729 1920

Bilde: fra Pixabay.com

Vi arbeider for en lovgivning og en praksis som sikrer at Norge forblir en enhetlig nasjonal stat med basis i vår norske og kristne kulturarv og folkets historiske fellesskap.

Folkebevegelsen Mot Innvandring er en tverrpolitisk opplysningsorganisasjon som arbeider for å stoppe den fremmedkulturelle masseinnvandring til Norge.

Les mer om organisasjonen

Gi et bidrag til FMI, kontonr.: 0530.40.68169.

Vipps 43995

Den offisielle Twitter-kontoen til FMI: https://twitter.com/FMInnvandring

FMI på Mewe.com

Ope brev: til partileiar i Sp, Trygve Slagsvold Vedum, gjenpart til Per Olav Lundteigen, Senterpartiet.

slagsvold vedumViser til eit innlegg i Firda 29.10. 2016. Der hadde du nokre gode synspunkt, og du viser til uttalelser frå Kristin Clemet i Cevita tankesmie. Eg lurer forresten ofte på kva som kjem ut av desse "tankesmiene", og om dei skal vere bindande for det vi som er utanfor smiene skal tenke og forhalde oss til? Kanskje er der like mykje vett og forstand i hovuda på dei som ferdast på grasrotnivå, ja, heller meir, enn kva desse smiene avlar. Og kven er det som betalar for alt dette flogvitet som vi får presentert der ifrå?

Men:
I din ellers bra artikkel kjem du inn på det du kallar "god" integrering og du synes å ha ei redsle for å verte kalla nasjonalist. Nett det har du vel vorte opplærd til av 68-arane og dei som gjennom historia har hylla dei verste diktatur som verda har sett. Pol Pot, Stalin, Mao og Hitler må vel kunne samlast under same fana. Og mange av Pol Pot og Mao sine disiplar har i vår tid politisk makt og er å finne i mange viktige beslutningsprosessar i samfunnet. Også internasjonalt er dei høgt akta, kanskje mest grunna dei bindingane dei kan utgjere til den norske oljeformuen.

Eg erkjenner meg som nasjonalist og eg vil verne om nasjonalstaten, men eg er ikkje – eller har aldri vore nazist eller kommunist. Begge ismene tilhøyrer forresten venstresida politisk. Kommunismen som internasjonal sosialisme og nazismen som nasjonalsosialisme. Nazismen slik vi kjenner den kan heller ikkje kallast nasjonalisme, den var – er – reinspikka imperialisme, lik kommunismen. Ingen sann nasjonalist vil tenke seg å gå til krig mot andre nasjonar for å skape eit imperium!

Kaare Ruud, hadde 20 år bak seg i FN-organisasjonar, med oppdrag for det meste i Asia og Afrika, han var gift med ei kvinne med røter frå urfolk i Mexiko. Han uttrykkte det å vere nasjonalist slik: "Nasjonalisme er det å ville bevare nasjoners eksistens og/ eller styrke deres funksjon som sosiale fellesskap, herunder både deres identitet og deres egenart". Kaare Ruud gjekk så altfor tidleg bort, men han rakk å vere med i Folkebevegelsen mot innvandring – FMI - og fekk høve å sjå at det som vi likar å kalle demokrati her i landet, i verkelegheita ikkje er så mykje å skryte av. I dette "demokratiet" har anarkistiske valdsgjengar hatt sine storheitstider, og har det nok framleis. Som Kaare Ruud var, er også underteikna, medlem i FMI. Dei anarkistiske gruppene er det god grunn å hevde vart nytta av styresmaktene mot dei som hadde eit anna syn på masseinnvandringa enn det som var politisk vedteke. Demokrati, Slagsvold Vedum?

Den tidlegare svenske statsministeren, sosialdemokraten, Tage F. Erlander, uttala i Riksdagen i 1965 om tilhøva i Sverige og USA dette: "Vi svenskar lever ju i en så oandligt mycket lycligare lottad situation. Vårt lands befolkning ar homogen, inte bara i fråga om rasen utan också i många andra avseenden". Kva ville Erlander sagt i dag, mon tru?

Når du skryt av integreringa i Norge så kan eg berre nemne at eit lite folk som må endre seg sjølv og heile sitt samfunn for å tilpassast dei framande som kjem til landet, fortel ikkje om god integrering av innvandrarar, men om at det er dei stadbundne, urfolket,  som vert kravd skal integrerast i det samfunnet som dei framande tek med seg frå heimlanda. Dette utelukkar også den nasjonalstaten som du nemner. Dette samfunnet er ikkje nokon nasjonalstat!

Eg vil også nemne kva denne dama i Civita, Kristin Clemet, uttala på ein næringslivskonferanse, og som var gjengjeve i Aftenposten den 19.3.1998: Om hundre år er allting glemt. Vi vil alle bare ha blitt litt mørkere i huden. Reportasjen fortel at ho fekk ståande applaus frå forsamlinga. Er dette integrering, Slagsvold Vedum, når det folket som vert mål for folkevandringar skal skifte eigenart og identitet?

Her kan det også vere verd å ta fram Gro H. Brundtland si stortingsmelding nr. 74 frå 1979, der ho legg fram planane for korleis Norge skal endrast frå eit homogent samfunn til eit fleirkulturellt samfunn. Det er altså nordmenn som nasjon som skal endrast, medan dei framande skal få utvikle sine heimlands kultur i vårt land! Sa du integrering, Slagsvold Vedum? For å ta frå oss det siste som er vårt ser vi at det har vorte praksis frå eliten å kalla innvandrarar for "nordmenn". Dette skal liksom plantast inn i folkesjela!

Eg vil også i denne samanhengen minne om diskrimineringslova som vart forfatta til vedtak i 2005 der nordmenn vert pålagde ved lov å innrette seg etter den nye samfunnsforma, det multietniske og fleirkulturelle samfunnet. Og der, til alt overmål, vert innførd omvendt bevisbyrde som rettspraksis.  Er dette Integrering? I eit demokrati ville vel folket vorte rådspurde i ei så viktig sak?

Innlegg i Firda 291016

aasenNorvald Aasen
Kvammen, 29.10.16


Del denne siden:
Del på Facebook Del på Twitter Del på LinkedIn

Aktiviteter

aktivitet

Aktivisme Gudbrandsdalen
Søndag 28.august 2022


Info i Sør-Trøndelag og Oppland
Tirsdag 21. september 2021


Randesund, Kristiansand ble opplyst
Søndag 27. september 2020


«Protestfestivalen» i Kristiansand
Søndag 27. september 2020


Elverum ble opplyst
Søndag 27. september 2020


Opplyste handleglade nordmenn i Sverige
Tirsdag 18. august 2020

 

Gi et bidrag

FMI mottar ingen offentlig økonomisk støtte. For å utføre vårt arbeid er vi avhengig av pengebidrag fra medlemmer og sympatisører.

Les mer

Norge Er Vårt

Norge Er Vårt er FMIs medlemsblad og mottas som en del av medlemskapet.

Du kan abonnere uten å være medlem i FMI.

Les mer

Viktige nettaviser

politisk_ukorrekt



Alternativer til media som holder tilbake informasjon, ved hjelp av politisk korrekt sensur.

Please install and enabled plugin Vinaora Visitors Counter firstly

Vi har 935 guests og ingen medlemmer på besøk.


 
E-post: fmi[at]fmi[dot]no – Kontonr.: 3905.24.78654.
FMI ©2006-2015