Eid kommuneOrdførarane i Nordfjord hadde eit fellesopprop i lokalavisa Fjordabladet på Nordfjordeid, "Opprop for inkludering" den 24. mars i år. Artikkelen er ikkje sett å lese i andre nordfjordaviser – merkeleg nok. Kanskje er det venstre-ordføraren i Eid kommune, Alfred Bjørlo som stod bak, som ein reaksjon på eit par artiklar om den vitlause innvandringspolitikken som Magnar Bakke sende til administrasjonen og politikarane i kommuna?

Bakke skreiv eit innlegg og sende til Fjordabladet den 26. mars, og vart sendt på nytt den 1. april, men dei vil vist ikkje trykke den. Redaktøren er vel redd for å havne i unåde hos ordførarane og fargerike landssvikarar elles?

I Fjordabladet den 24. mars hadde ordførarane i Nordfjord ei fellesuttale der dei proklamerte for at vi må vere budde på at innvandringa frå land med konflikt og spetakkel skal halde fram til kommunane våre.  I eit av punkta heiter det:  «Skal setje fokus på integrering og det ansvar kvar og ein som bur i lokalsamfunnet har til å verte ein del av dette arbeidet».  Ordlyden i sitatet minner om den «nyordninga» som okkupasjonsmakta i Norge freista å innføre i 1940 – 45.  Dagens «nyordning» – det «fargerike fellesskap» vert også forsøkt innført med tvang.  Folket har aldri vorte spurde om dette gjennom ei folkeavrøysting.   I staden har media, politikarar og innvandrarlobbyen drive ei misjonering retta mot nordmenn, for fleirkultur – og for fellesskap.

Ikkje berre er Islam motoren til dei fleste konfliktar i dag, men også den vanvitige folketilveksten i desse landa er ein drivande faktor.  I Syria til dømes var det i 1960 4,6 millionar menneske, og i 2010 hadde folketalet vokse til heile 20,7 millionar.  I Norge var det til samanlikning i 1960 3,6 millionar og i 2010 4,9 millionar.

Det vert nemnt av ordførarane at i «Nansens ånd» har Norge vore ein føregangsnasjon til å hjelpe.  Fridtjof Nansen tok ikkje ein einaste flyktning til Norge.  Hans store innsats var å hjelpe der folk leid naud som i hungersnauda i Russland og Ukraina i 1920, og blant flyktningar i Armenia i 1925 som han iherdig forsøkte å repatriere.  Og elles var det ei stor oppgåve å forhandle med Russland og andre land om repatriering av krigsfangar etter 1. verdskrig.  Også etter den gresk-tyrkiske konflikt i 1922 fekk Nansen på plass ei avtale der grekarar og tyrkarar vart viste tilbake, kvar til sine land.  Dersom ein skal lære noko meir enn om repatriering og naudhjelp i Nansens ånd, tek eg med dette sitatet av Nansen frå boka, Nansens Røst (Dybwad Forlag):  «Det å bringe saman så mange kulturar, religionar og språk på ein liten flekk, vil verte eit arnested for ufred og hat i framtida».

I Fjordabladet den 24. mars fekk vi også vite at muslimar i Nordfjord har søkt Eid kommune om hjelp til å finne eit lokale for ein moske på Nordfjordeid.  Slikt vert det vel betre integrering ut av – trur politikarar?  Norske politikarar og ordførarar veit vel kva som skjer i land som Frankrike, Belgia, Sverige og Tyskland.  Og i følgje ein reportasje av Anders Magnus i NRK kom det fram at ein kan  risikere å møte på ungdom ned til 15- årsalderen med våpen på gata i Oslo, relaterte til gjengar med opphav frå muslimske land.  Likevel let den politiske majoriteten innvandringa frå desse landa halde fram.  Det betyr at det er dei som er ansvarlege for den lemfeldige innvandringspolitikken, og då må dei også ta på seg det tunge moralske ansvaret for den destruktive utviklinga som følgjer av dette i riket.  Ikkje vi som gjennom snart 30 år har åtvara, og er blitt neglisjerte.

Opprop frå Nordfjord 100417

Magnar A. Bakke
Eid, 10.4.2017