To opne brev frå Norvald Aasen.

Stortinget 2014Til Marit Arnstad, Sp

I går kveldens Dagsrevy stod du fram og kalla Sylvi Listhaug for eit barn. Mi meining er at ho er meir vaksen både som menneske og politikar enn kva dei fleste andre politikarar i Noreg er for tida. Tanke på eige land og folk er så godt som fråverande millom vår tids fleirtalspolitikarar anten det gjeld lokal- eller rikspolitikk, slik eg ser det.

Eg synes det var ynkeleg av deg å delta i hetsen mot den modigaste og sterkaste statsråd som vårt land har hatt på mange tiår, same kva statsråds taburett det gjeld, også du då du var statsråd. Eg trur at både du og mange andre av vår tids politikarar må sjå langt etter det omdømme og den respekt som Listhaug vil etterlate seg. Men slik er makteliten: Den beste må bort, den beste skygger for dei som vil vise seg fram. Det same såg vi nok då Carl I. Hagen vart nekta plass i Nobelkomiteen. Sjølvstendige personar som ikkje fylgjer dei politisk opptrekte spora er "fårlege" for den samanfiltra eliten. Igjen, Marit Arnstad, eg synest lite om slike som rottar seg saman for å sparke den som er utsett som hakkekylling!


Til Erna Solberg, Sylvi Listhaug, Jonas Gahr Støre m.fl.

Så er Sylvi Listhaug pressa til å be om orsaking for noko som er oppkonstruert og som ikkje hadde samanheng med hennar omtalte Facebook innlegg om Syriakrigarar. Dette forstår mange ute i grasrota, og det er sterke utsegner mellom mange korleis dette er vorte vridd over på noko som som skulle råke Justisministeren.

Mange meinar at andre burde be Justisminister Sylvi Listhaug om orsaking for at dei har kobla hennar Facebook innlegg, som handla om å trekke tilbake pass for Syriakrigarar, til ugjerninga på Utøya i 2011. Underteikna er mellom dei som meinar at ei slik orsaking til Listhaug ville vore det rette. Men no er det slik at vårt samfunn lever etter dei politisk korrekte føringane der nokon vert hakkekyllingar medan andre hakkar i fri utfalding og med offisielle institusjonar sin øyredøvande applaus. Og så tenkjer vi også over kva ordbruk som dei politisk korrekte har nytta overfor Sylvi Listhaug. Her burde det verkeleg vere mange som skulle kjenne seg kalla til å be Justisministeren om orsaking. Men rettferd er ukjent i eit politisk korrekt samfunn der dei politisk korrekte miljøa har sett normene.

aasenNorvald Aasen
Askvoll, 16.3.18