Ope brev til Geir Bekkevold, KrF.

Geir Jorgen BekkevoldGeir Jørgen Bekkevold, KrF. Foto: stortinget.

Eg høyrde på dagsnytt i dag (16.3.2018) at din og KrF si tillit til Sylvi Listhaug er tynnslitt.

Kva galt meinar så du at Listhaug har gjort? Eg veit mykje av det som KrF og stortingsfleirtalet har gjort både no og tidligare. Langt tilbake kan eg nemne Kosovokrigen der KrF deltok med liv og lyst for å knekke det vesle kristne serbiske folket på Balkan.

Men i desse dagar har krF i samarbeid med Ap, Raudt, SV, Marit Arnstad og andre funne ut at Listhaug sitt innlegg på Facebook kunne nyttast til noko heilt anna enn det som var bodskapen i innlegget. Listhaug sitt innlegg handla ikkje om Utøya i det heile. Det forstår vanlege menneske, men i våre dagar er det ikkje vanlege folk som sit på stortinget, bortsett frå nokre få, og eitt av desse få er Sylvi Listhaug, meinar eg tilliks med mange andre.

Listhaug har noko som er så godt som uvanleg i dagens politiske heksegryte, ho har omtanke for eige folk og eige fedreland. Dette vert ho straffa for av ein glefsande ulveflokk som angrip henne for å rive henne i filler og å få henne vekk. Ho er noko av det beste som norsk politikk har funne på mange tiår. Og den beste må vekk, den beste skygger for andre som gjerne vil vise seg fram. Og slike er det mange av også i KrF. Slik er den motbydelege makteliten av vår tid, herr Bekkevold.

Korleis kan nokre parti som ligg og plaskar på sperregrensa oppnå åtte representantar på dette stakkarslege tinget?
Min respekt og tillit til m.a. KrF er ikkje berre tynnslitt, men totalt borte.

aasenNorvald Aasen
Askvoll, 17.3.2018