aasenHar no betalt abonnementet for eitt år framover.  Rett nok har de sendt meg avisa utan at eg har tinga den, og takk for det. Bladet er bra, men eg er ikkje samd i alt de skriv. De har hatt det med å hylle Kjell Magne Bondevik, ein mann som eg ser på som ei av katastrofene for vårt fedreland. Husk på at masseinnvandringa vil knekke oss som nasjon og nordmenns fedreland samt vår økonomi.

Dette viser seg dessutan i mange av dei sterkaste økonomiane i Europa som har drive masseinnvandringa frå ulanda i lange tider. Desse statane klarer ikkje lenger presset etter at dei har teke på seg å vere verda sine frelsarar og sosialkontor gjennom mange tiår. Eg har heller aldri fått inn eit einaste av mine innlegg om innvandringa sine fylgjer og islamiseringa av landet vårt i avisa ”Norge i dag”. Eg trur ikkje det er grunna dårlege argument og stilføring frå mi side, men heller at avisa vil vere litt politisk korrekt. Det løner seg vel best?

I siste avisa hadde de dessutan heiderleg omtale av Magnus Stangeland og Tallerås som no står for retten grunna feil uttak av stortingspensjonen. Stangeland er heidersmann hevdar de. Er han ein stor bidragsytar til denne avisa kanskje? I so fall har han vel rikeleg å gje av, meir enn kva eg har i alle fall. Eg ser ikkje det heilt heiderlege i at folk med lang fartstid på stortinget eller i andre lukrative institusjonar ikkje synes å ha snev av magamål når det gjeld hunger etter pengar og materiell rikdom. Dei er frekke nok til å hevde at styrehonorar i fleirehundretusen klassen ikkje er inntekt! Ja, kva er det då? Er ikkje dette pengar dei mottek og som dei kan nytte til kva dei vil på linje med anna inntekt? Nei, dette er syltynn spikarsuppe frå desse to påståtte heidersmennene. Heng dykk ikkje på slik svada er mitt råd til ”Norge i dag”. Dei har truleg millionar årleg som trillar inn på kontoane deira, men kva skal dei bruke alle desse pengane til? I åra på tinget har dei hatt feit løn og har kunne lett legge tilsides ein god slump til seinare bruk om dei ville. Men det høyrest ut som at når dei slutta på stortinget så stod dei utan jobb, ja, stod på bar bakke?

Eg kan nevne at for nokre år sidan gjekk avløysarpengane som eg skulle bruke til hjelp og avløysing på garden min ved ein feil inn på min konto istaden for på kontoen til avløysarlaget i Askvoll. Så snart eg oppdaga feilen overførde eg pengane dit dei skulle, til avløysarlaget. Det var ein sum på cirka kroner 20 000. Desse pengane stod på min konto i ein eller to dagar. Dette vart rekna som inntekt for meg og eg vart straffelikna for denne pengesummen. Når to velfødde ex-stortingspolitikarar får m.a. styrehonorar på mange hundre tusen kroner i året så skal ikkje dette reknast som inntekt. Dette for at dei kan heve stortingspensjon! Nei, ”Norge i dag”: Her meinar eg de er på ville vegar. Eg har også lyst til å nemne at de skal la dagens KrF få lov til å sigle sin eigen sjø. Dette partiet, til liks med dei fleste andre, er snart overteke av Allahs søner og døtre og dei er ønskte velkomne. Frk. Hansen, Knut A. Hareide, Høybråten og dama frå Sørlandet med dei raude lyse lokkene har truleg ikkje noko viktigare føre enn å sikre seg sjølve status og god løn som skravlebøtter i stortinget og i NRK/media. Dei vil like lite som dei fleste andre politikarane vere til velsigning for landet vårt. Hareide si fremste oppgåve som politikar har eg skjøna er å ”kjempe som ei løve” for at utlendingar skal kallast nordmenn. Om han sjølv fekk seg fjorten dagar på Grønland så kunne han jo kalle seg eskimo, sikkert til lite hugnad for eskimoane, men likevel.