Ope brev til Dagsrevyredaksjonen i NRK  med fleire:

aasenAt ein papirlaus asylsøkar har fått avslag på søknad om asyl i Noreg har som vanleg fått grundige oppslag i NRK og resten av media. Gråtekoner av alle kjønn har natt som dag jamra seg i kor, og NRK og andre media har hatt oppgåve som megafon. Aktørane og aktivistane, som vi får vite skal målbere folket sin gremmelse over at styresmaktene har fatta vedtak ut frå gjeldande regelverk, er også alltid dei same. Trine Skei Grande frå Venstre samt hennar politiske siamesiske tvilling, Heikki Holmås frå sosialistisk Venstre, er mellom dei som gladeleg slit skosålane for å nå fram til TV-kamera når ”folket si røyst” skal lyde. At siste stortingsval ikkje nettopp gav desse partia tillit i folkedjupet for deira innvandringspolitikk skulle ein ikkje tru. Massehysteri skal skapast og det gjer susen. Det har vist seg før i historia!

Det er ikkje vanskar med å merke seg t.d. Atle Bjurstrøm (NRK) sin aggressive argumentasjon til fordel for asylaktivistane ved intervju i denne saka. Det same gjeld også for ein stor del av dei andre som er på bana til fordel for personar med avslag, det synes som om NRK-tilsette verken evnar, kan eller vil opptre nøytralt i formidling av informasjon særleg på dette feltet.

Men vi er mange, svært mange, som ikkje får vårt syn i denne, og liknande saker, tilkjennegitt  ved Trine.S. Grande, Heikki Holmås, Petter Eide, Amnesty-leiaren, eller gjennom Høgre for den saks skuld. Høgre er ikkje truverdig når det gjeld ein restriktiv asyl- og innvandrings- politikk. Fylgjene av ettergivnad frå styresmaktene i saker der asylaktivistane krev medhald vil vere dramatiske for landet vårt, noko som asyl-lobbyen ikkje bryr seg det minste med.
Leiaren i Norsk Folkehjelp og tidlegare leiar i Amnesty, Petter Eide, krev også at alle papirlause som oppheld seg i Noreg skal få opphald. Så kan ein spørje kor mange timar eller dagar det ville teke før Petter Eide og hans aktivistar hadde fylt opp bingen med nye papirlause, som i neste omgang kunne nekte å rette seg etter utvisningsvedtak inntil også dei fekk opphald.  

Trine Skei Grande som ein av media sine føretrekte talspersonar, gjev  freidig uttrykk for at folket er på hennar side i Amelie-saka. At denne personen som representerar eit parti som ligg under sperregrensa for å kome inn på Stortinget står fram som folket sitt talerør er både for drygt og for provoserande. At  asylaktivistane ser det som rett å premiere personar som ved frekkheit, falske identitetar og lovbrot nektar å etterleve lovlege vedtak skulle ein ikkje tru låg til dei som har påteke seg verv som inneber å hevde lov og rett i samfunnet. Eit regelverk skal  ikkje vere ein sil av smotthol for dei smarte. Kva skal ein då ha eit regelverk for?  
Eg tillet meg difor, som lisensbetalar til NRK, å krevje at også eg, og andre som deler mitt syn i denne og liknande saker, vert høyrde gjennom pressetalsmannen i Folkebevegelsen mot innvandring – FM I, Jan Høeg, Larvik. Tel: 94866468         

Maria Amelie-saka 150111

Sendt 17.1.11 til:
NRK med fleire. Nasjonale aktivister.