header

Foto over: Wikipedia.org,

norway 1402729 1920

Bilde: fra Pixabay.com

Vi arbeider for en lovgivning og en praksis som sikrer at Norge forblir en enhetlig nasjonal stat med basis i vår norske og kristne kulturarv og folkets historiske fellesskap.

Folkebevegelsen Mot Innvandring er en tverrpolitisk opplysningsorganisasjon som arbeider for å stoppe den fremmedkulturelle masseinnvandring til Norge.

Les mer om organisasjonen

Gi et bidrag til FMI, kontonr.: 0530.40.68169.

Vipps 43995

Den offisielle Twitter-kontoen til FMI: https://twitter.com/FMInnvandring

FMI på Mewe.com

aasenNordmenn er namnet på eit folk, ein nasjon, ikkje ei fellesnemning på ei multietnisk gruppe menneske med bakgrunn frå heile verda, Arild Stokkan-Grande!
På sundagsrevyen den 20. februar 2011 kommenterte du Frp sitt framlegg som gjekk ut på å hindre framvekst av terrorgrupper i landet vårt. Du hevda i intervjuet at andregenerasjonsinnvandarar var nordmenn. Og du uttala i den samanhengen om lag dette: Sånn snakker man ikke om nordmenn.
Jau, herr Stokkan-Grande, de politikarar, og andre innan makteliten, har vore svært så rause med dykkar karakteristikkar og nedlatande utsegner om oss nordmenn. Kjenner vi ikkje att uttrykk som ”grums”, ”brungrums” og andre uttrykk som skal få oss til å teie om vår omtanke for landet vårt? Men har det vore innvandrarar/utlendingar de har uttala dykk om så har tonen vore ein annan. Då har de nytta silkehanskane for ikkje å støyte dei framande.

Dei styrande i dette påstått demokratiske samfunnet vårt har skaffa oss ei framandarta masse- innvandring  som er i ferd meg å vekse oss nordmenn over hovudet. De har teke landet vårt og gitt det til allemannseige for heile menneskeætta. Det siste vi kunne få ha i fred er namnet på  folket vårt. Men etter at de er i ferd med å køyre vår nasjon i fortapelsen, så slenger de frekt og freidig i fjeset på oss at heile denne masseinnvandringa som vi aldri har bede om, men som de like frekt og freidig har tredd ned over hovuda på oss, er Nordmenn!
Du og resten av makteliten, altså ein samla innvandringslobby, veit at dykkar politikk vil føre til at nordmenn aldri meir vil reise seg som eit fritt folk i vårt eige fedreland. Og nett det er nok også målet! Vert utlendingar som flytter til t.d. Kautokeino samar, Stokkan-Grande? Ideane og misfosteret til Gahr-Støre om det nye Noreg som det store vi  kan de berre legge i grava. Veit du om noko folk i verda som har godteke å verte nedtrakka og erobra av framande, og vorte svikta og svike av sine eigne leiarar? Kvifor kan ikkje de politikarar, når de går til val, seie i frå om at de ser det som dykkar livsoppgåve å oppløyse nasjonen og nasjonalstaten? Fortelje sanninga til veljarane!

De snakkar stadig om at vi manglar arbeidskraft her i landet. Kvar er det blitt av den, Stokkan-Grande? For vel 30 år sidan var Ap-dronninga, Gro Harlem Brundtland, pådrivar for lova for fri abort. Etter cirka 30 år har rundt ½ million av nordmenns ætt vorte fjerna i medhald av lova. Her ligg den arbeidskrafta som de hevdar vi manglar. Men norske styresmakter dreg verda rundt med vaksinasjonsprogram som skal hjelpe landa som slit med overbefolkning slik at fleire av deira kan overleve. Overleving til kva? Jau, til kaos, svolt, og utvandring mellom anna til vårt arme land! Den heilage kua, innvandringslobbyen, arbeider for at ei kvar familie som kjem til Noreg med born skal sikrast opphald. Det skal vere borna sin situasjon som skal vektleggast. Fylgjene av ein slik politikk vert forbigått i dundrande stillheit. Denne politikken  står dessutan i sterk motsetnad til korleis vi har sytt for borna av nordmenns ætt gjennom dei siste 30 åra! Eit folk som fyller bortfallet av sine eigne med ei framandetnisk masseinnvandring vil måtte møte veggen. Den naturlova kan ikkje endrast!
Om dette brevet ikkje skulle falle i smak hos det politiske miljøet, så kan eg minne om at ytringsfridomen gjev meg rett til å seie meiningane mine, sjølv om eg er nordmann, og at det er mitt land dette gjeld. Difor er vi også mange som etter kvart synes at nok for lengst er nok!

Norvald Aasen
Kvammen    

Stokkan-Grande 280211

Sendt 28.2.11 til:
”Alle” norske aviser. De norske politiske parti. Biskopene i Norge. Departementene og Statsministerens kontor. Norske patrioter/nasjonalister.

Del denne siden:
Del på Facebook Del på Twitter Del på LinkedIn

Aktiviteter

aktivitet

Aktivisme Gudbrandsdalen
Søndag 28.august 2022


Info i Sør-Trøndelag og Oppland
Tirsdag 21. september 2021


Randesund, Kristiansand ble opplyst
Søndag 27. september 2020


«Protestfestivalen» i Kristiansand
Søndag 27. september 2020


Elverum ble opplyst
Søndag 27. september 2020


Opplyste handleglade nordmenn i Sverige
Tirsdag 18. august 2020

 

Gi et bidrag

FMI mottar ingen offentlig økonomisk støtte. For å utføre vårt arbeid er vi avhengig av pengebidrag fra medlemmer og sympatisører.

Les mer

Norge Er Vårt

Norge Er Vårt er FMIs medlemsblad og mottas som en del av medlemskapet.

Du kan abonnere uten å være medlem i FMI.

Les mer

Viktige nettaviser

politisk_ukorrekt



Alternativer til media som holder tilbake informasjon, ved hjelp av politisk korrekt sensur.

Please install and enabled plugin Vinaora Visitors Counter firstly

Vi har 120 guests og ingen medlemmer på besøk.


 
E-post: fmi[at]fmi[dot]no – Kontonr.: 3905.24.78654.
FMI ©2006-2015