header

Foto over: Wikipedia.org,

norway 1402729 1920

Bilde: fra Pixabay.com

Vi arbeider for en lovgivning og en praksis som sikrer at Norge forblir en enhetlig nasjonal stat med basis i vår norske og kristne kulturarv og folkets historiske fellesskap.

Folkebevegelsen Mot Innvandring er en tverrpolitisk opplysningsorganisasjon som arbeider for å stoppe den fremmedkulturelle masseinnvandring til Norge.

Les mer om organisasjonen

Gi et bidrag til FMI, kontonr.: 0530.40.68169.

Vipps 43995

Den offisielle Twitter-kontoen til FMI: https://twitter.com/FMInnvandring

FMI på Mewe.com

Artikkelen er første gang publisert i Norge Er Vårt nr. 1 - 2013.

Kan hende er her på høg tid at ein byrjar gjere seg nokre tankar om den politiske stoda i Noreg per 2013. Kva er det utanfor Noregs grenser som har noko å seie for vår politikk og etniske samansetjing? Kva har store overnasjonale samskipnader som den europeiske union (EU) og Schengen-avtalen å seie for dei stadige demografiske endringane i Noreg og Vest-Europa? I denne artikkelen vil her gjerast rede for Den europeiske union og Schengen-avtala si overnasjonale myndigheit. For å skjøna den politiske situasjon i Noreg, må ein sjå det i lys av dei overnasjonale retningslinjene og reglane vi er pålagde.

Schengen-avtalen
Den 25. mars 2001 inngjekk Noreg eit internasjonalt justis- og kontrollsamarbeid. Ordninga oppretta eit reisefridomsområde der personkontrollen på grensa mellom dei deltakande landa vart avskaffa, altså ingen ordinær passkontroll mellom medlemslanda, og innebar og eit nærare samarbeid om grenseoverskridande kriminalitet, eller internasjonal kriminalitet (informasjonsutveksling mellom deltakarlanda), felles visumpolitikk, skiping av Dublinsamarbeidet (som regulerar kva for eit land som skal handsama ei asylsak) og nytting av Eurodac (eit sentralt fingeravtrykksregistar). Istadenfor nasjonale grensekontrollar, skulle det opprettast eksterne og styrka grensekontrollar. I praksis vil dette seie at reisande ikkje må identifisera seg med pass eller visum når dei kryssar grensene innanfor Schengen-området. Borgarar i land utanfor EU og EØS som reiser i Schengen-området, treng eit Schengen-visum som vert utgjeve av ambassaden eller konsulatet i det Schengen-landet dei ønskjer å vitja fyrst. Etterpå kan dei uhindra vitja kva for eit Schengen-land dei ønskjer. Ved ulovleg innreise innanfor Schengen-området, vil ukontrollerte personar ha fritt leide. Borgarar i "tredje-land", utanfor EU, som har opphaldsløyve i ein Schengen-stat, kan fritt opphalda seg i og reisa åt ein annen Schengen-stat i ein periode på opptil 3 månadar. For lengre opphald, vert det krevd særskilt løyve frå det respektive landet. Personar utanfor Schengen-området, som har langvarig opphaldsløyve i eit medlemsland, kan, under visse omstende, tildelast retten til å busetja seg i andre medlemsland. Schengen-landa samarbeider om å kontrollera og overvaka området si ytre grense, gjennom ein avtale som vert kalla Schengen-grensa sin kodeks. Artikkel 7 krev ein minimum-sjekk av personar som kryssar dei ytre grensene, deribland identifikasjonspapir og reisedokument. Borgarar frå "tredje-land", utanfor EU, som kryssar grensene, må gjennomgå ei omfattande undersøking, som óg omfattar alle innreisekrav (dokumentasjon, visum, yrkesmessig status, korleis dei tenar til livets opphald, og mogleg utestenging av tryggleiksomsyn).

Den europeiske unionen
Noreg er riktignok ingen offisiell medlem av Den europeiske unionen (EU), men her må vi venda oss mot Det europeiske økonomiske samarbeidet, eller EØS-avtalen, som vi er ein del av.

EØS-avtala er ein avtale inngått mellom European Free Trade Association (EFTA) og Den europeiske unionen (EU), som gjev EFTA- og EØS-landa tilgang til EU sin indre marknad, samstundes som den gjev EU ei tydeleg rolle i EFTA- og EØS-landa si lovgjeving. Her er vi altså underlagde EU-reglement gjennom EØS-avtalen. Føremålet med EØS-avtalen er å styrkja handelen og dei økonomiske bindingane mellom partane, med like konkurranseføresetnadar og overhalding av dei same reglane. Sentralt i EØS står grunnsetninga om “dei fire fridomar”, som vil seie at det som hovudregel skal vera fritt varebyte over landegrensene (frihandel), fri rørsle for arbeidstakarar (fri arbeidsinnvandring), fri adgang for borgarar i eitt land til å yta tenester i eit anna (fri marknad), og fri rørsle av kapital (overflytting av verksemder til andre land). Elles omfattar samarbeidet óg miljø, forsking og utdanning, kultur og sosiale spørsmål. Men kva er så EU sine fire grunnsetnadar? “Fri flyt av varer, tenester, kapital og arbeidskraft”. Ein kan ikkje unnlata å sjå det same mønsteret, overført åt ein annan avtale. Me er reint praktisk ein del av EU-politikken og underlagde EU-direktiv, jamvel me offisielt ikkje er noko lagslem! Kvifor treng me til dømes EU-godkjenning på bilane kvart andre år? Føremålet er å danna ein tryggare og meir miljøvenleg bilpark. Jamfør EØS-samarbeidet.

Innvandrings- og asylpolitikk
Her må det stå klart at menneskesmugling, ulovleg innfart og opphald førekjem, trass dei påståtte styrkja felles yttergrensene (grenser mot land som ikkje er tilknytt samarbeidet) som Schengen-avtalen medfølgjer. Statistisk sentralbyrå rekna i 2008 med at det her til lands oppheldt seg mellom 10 000 og 32 000 personar utan lovleg opphald, med mest sannsyn på rundt 18 000. Ei overvekt av desse rekna ein med var asylsøkjarar med avslått søknad som oppheldt seg i landet etter utreisefristen. I større skala skal det i følgje Raudekrossen opphalda seg mellom 5 til 6 millionar udokumenterte innvandrarar (papirlause) i heile Europa. Asyl- og flyktningpolitikken, med unntak av Dublin-samarbeidet, er eit område kor Noreg per idag ikkje har nokre formlege rettar eller skuldbindingar overfor EU. Men, som det vert skrive på regjeringa.no, så inneber ikkje dette at eit samarbeid med EU ikkje er viktig for Noreg, men det er ”et uformelt samarbeid der det er gjensidig interesse for informasjonsutveksling. EU-landenes politikk på utlendingsfeltet har ofte betydning for utviklingen i Norge. Dette gjelder særlig med hensyn til antall asylsøkere, men kan også gjelde for andre utlendingssaker”. Vidare vert det skrive: ”Som det fremgår av NOU 2004: 20 Ny utlendingslov og Ot. prp. nr. 75 (2006 – 2007) Om lov om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingsloven), ble det i arbeidet med utlendingsloven 2008 lagt stor vekt på å analysere og forholde seg til EUs nye asylrettsakter. Selv om EUs statusdirektiv ikke er rettslig forpliktende for Norge, fremstår direktivet som et egnet grunnlag for utforming av nærmere lovgivning. Den videre utvikingen av EUs felles asylsystem følges også med stor interesse”.

Nasjonale konsekvensar
Ei nasjonal konsekvensutreiding har aldri tidlegare vorte gjennomførd frå statleg hald kva gjeld spørsmål om nasjonalt sjølvstyre, velferd, økonomiske utlegg, kriminalitet og folkesamansetjing, som følgje av desse avtalane. Ein kan trygt konstatera at desse avtalane ikkje er anna enn eit ledd i globaliseringa og internasjonaliseringa.


Del denne siden:
Del på Facebook Del på Twitter Del på LinkedIn

Aktiviteter

aktivitet

Aktivisme Gudbrandsdalen
Søndag 28.august 2022


Info i Sør-Trøndelag og Oppland
Tirsdag 21. september 2021


Randesund, Kristiansand ble opplyst
Søndag 27. september 2020


«Protestfestivalen» i Kristiansand
Søndag 27. september 2020


Elverum ble opplyst
Søndag 27. september 2020


Opplyste handleglade nordmenn i Sverige
Tirsdag 18. august 2020

 

Gi et bidrag

FMI mottar ingen offentlig økonomisk støtte. For å utføre vårt arbeid er vi avhengig av pengebidrag fra medlemmer og sympatisører.

Les mer

Norge Er Vårt

Norge Er Vårt er FMIs medlemsblad og mottas som en del av medlemskapet.

Du kan abonnere uten å være medlem i FMI.

Les mer

Viktige nettaviser

politisk_ukorrekt



Alternativer til media som holder tilbake informasjon, ved hjelp av politisk korrekt sensur.

Please install and enabled plugin Vinaora Visitors Counter firstly

Vi har 1084 guests og ingen medlemmer på besøk.


 
E-post: fmi[at]fmi[dot]no – Kontonr.: 3905.24.78654.
FMI ©2006-2015