Ope brev til Krfu-leiar Emil André Erstad.
Sender deg nokre kommentarar i høve til at du som debattant deltok i debattprogrammet Aktuelt på NRK 2, den 4. november 2013.
I debatten forstod eg deg slik at krossen, som er eit symbol for vår kristne kultur gjennom 1000 år, var likeverdig med andre religiøse symbol, som hijab, turban og anna i vårt kristne Norge. Kanskje du skulle ta deg ein tur til muslimske land og forfekte same synspunkt der, nemleg at krossen hadde same verdi i den islamske verda som det muslimske symbol har der? Korleis trur du at det hadde vorte motteke?
Vidare uttalte du den gamle og vel indoktrinerte fargerike leksa om dette «fine multietniske samfunnet» som vi har vorte «berika» med i landet vårt. Det var vel dette «fine» samfunnet vi såg resultatet av på Sognefjellet i går og som kosta tre uskuldige menneske livet? Eller ransbølgene, eller overfallsvaldtektene, eller knivkulturen som vi har fått som resultatet av dette «fine» multietniske samfunnet som de politisk korrekte likar som betegning på denne nye samfunnsmodellen som de har påtvinga oss nordmenn og landet vårt?
Eg kan berre seie deg, Emil André Erstad, og dine meiningsfeller, at for meg som har levd ein god del lenger enn kva de har gjort, så er de, med dykkar svevandre draumar, ein katastrofe for landet og vår kultur. De er hjernevaska av 68-generasjonen, ei gruppe som for mange sitt vedkomande støtta dei verste terrorregime som verda har sett. Dei var med og øydela livet og tilveret for millionar av menneske verda rundt. No har dei fått makta til å øydelegge vårt land.
Veit du kanskje, unge Erstad, at det er i desse «fine» multietniske og multikulturelle samfunna dei fleste krigar og konflikter oppstår, med påfylgjande flyktningestraumar? Eller veit du ingenting, berre lever du i di indoktrinerte draumeverd?
Om du, Erstad, og dine meiningsfeller, ønsker å leve i eit muslimsk Norge, så må de enten konvertere til Islam eller leve som dhimmiar. Kva føretrekk du?
Ope brev til Erstad 081113
Sendt 8.11.13 til:
«Alle» norske aviser. Dei norske politiske parti. Biskopane.