header

Foto over: Wikipedia.org,

norway 1402729 1920

Bilde: fra Pixabay.com

Vi arbeider for en lovgivning og en praksis som sikrer at Norge forblir en enhetlig nasjonal stat med basis i vår norske og kristne kulturarv og folkets historiske fellesskap.

Folkebevegelsen Mot Innvandring er en tverrpolitisk opplysningsorganisasjon som arbeider for å stoppe den fremmedkulturelle masseinnvandring til Norge.

Les mer om organisasjonen

Gi et bidrag til FMI, kontonr.: 0530.40.68169.

Vipps 43995

Den offisielle Twitter-kontoen til FMI: https://twitter.com/FMInnvandring

FMI på Mewe.com

Ser på firda.no 10. desember i artikkelen «Ser at rasismen aukar»,  at du på Fylkestinget tok eit kraftig oppgjer mot veksande rasisme.

Men det du og andre ser ut til å gløyme, er årsaka til denne utviklinga.  Får ein ikkje fjerna årsakene, får ein aldri bukt med rasismen. Og der har Venstre eit tungt ansvar.  Vi fekk i 2005 ei ny Diskrimineringslov i Norge. Meinar Dørum var Justisminister då.  All norsk rettspraksis i moderne tid, har vore slik at ein sikta er uskuldig til det motsette er bevist.  I Diskrimineringslova er det stikk motsett.  Vert ein anmeldt for diskriminering/rasisme, kan ein dømast dersom ein ikkje kan bevise si uskuld.  Vidare er det slik at diskriminering av nordmenn i høve minoritetar, kan vere positiv diskriminering!  Eit håplaust forsøk frå  naive politikarar på å legge tilhøva til rette for ein god integreringspolitikk. Ei slik lov er som skapt for å utvikle rasisme.

Vi opplever stadig at norske tradisjonar vert kutta ut,  slik at særleg muslimar ikkje skal føle ubehag/bli støytte. No før jul har vi sett skular som nektar bruk av nisseutstyr, skulegudstenester og Lucia-feiring. Dei norske borna skal ikkje få oppleve fine tradisjonar som vi foreldre  fekk nyte godt av, på grunn av dei nye som kjem. Såg nettopp at ein skule i Sverige ikkje lenger kan lage pepparkakemenn  av same grunn!

I Oslo får ein somalisk moské som har 6000 medlemmer, dei fleste under 20 år, 2.1 millionar i årleg støtte frå Staten. Imamen har forkynt hat, vil innføre dødsstraff eller pisking for utruskap, og for dei vantru. Altså brot på  norsk lov. Kva slags haldningar skapar dette blant dei som får si opplæring der? Vi har og sett at kvoteflyktningen Krekar forkynner frå ein moské i Oslo. Er det rart det veks fram «framandfrykt»?

Drapstala i Norge har auka kraftig i år. Dine nye landsmenn er tungt representerte der, Bjørlo. Venstre har vore, og er framleis i frontposisjon for å legge tilhøva til rette for dei som kjem, slik at norske tradisjonar må vike. Du nemner at folk på Eid som har stått opp mot rasisme, vert uthengde på internett. Då kan eg trøste deg med at det er dei ikkje åleine om å bli.  Så fort nokon ytrar motstand mot innvandringspolitikken, så kjem rasismeropet.  Ein av dei mest kjende motstandsmennene frå kampen mot tyskarane, Jan Høeg, no 90 år, vart nyleg drapstrua for sine meiningar.  Dei vert og i mange tilfelle nekta spalteplass i aviser. Eg «kom i skade» for å nemne knivstikking og valdtekt i eit lesarinnlegg. Og rasismeskuldingar kom fort. Mellom anna frå det eg trudde var ein seriøs organisasjon, Norsk Folkehjelp. Sanninga kan som kjent vere tung å fordøye.

Du reagerer på FMI-utdeling av faldarar med grove påstandar om at samfunnet held på å bli ødelagt. Det har FMI heilt rett i. Det norske kjernesamfunnet slik du og eg har fått gleda av å oppleve det, vil forsvinne for våre etterkomarar, dersom dagens utvikling held fram.
Når menneske finn Norge så attraktivt at dei vil starte «eit nytt liv» her, så vert det heilt feil å legge om samfunnet, slik at det  skal bli mest muleg  likt det dei flykta i frå. Og når over 90 % av dei som kjem er ID-lause, og vi har kunne lese at det i  toalettankane på fly frå utlandet vert funne sundrivne id-papir, og at politiet på Gardermoen finn sundrivne pass i søppeldunkane, så veks skepsisen. Men eg vil understreke at ærlege arbeidsinnvandrarar er noko heilt anna.

Bjørlo 110114

Sendt til lokalavisa Fjordabladet 5.01.14. På trykk 7.1.14.


Del denne siden:
Del på Facebook Del på Twitter Del på LinkedIn

Aktiviteter

aktivitet

Aktivisme Gudbrandsdalen
Søndag 28.august 2022


Info i Sør-Trøndelag og Oppland
Tirsdag 21. september 2021


Randesund, Kristiansand ble opplyst
Søndag 27. september 2020


«Protestfestivalen» i Kristiansand
Søndag 27. september 2020


Elverum ble opplyst
Søndag 27. september 2020


Opplyste handleglade nordmenn i Sverige
Tirsdag 18. august 2020

 

Gi et bidrag

FMI mottar ingen offentlig økonomisk støtte. For å utføre vårt arbeid er vi avhengig av pengebidrag fra medlemmer og sympatisører.

Les mer

Norge Er Vårt

Norge Er Vårt er FMIs medlemsblad og mottas som en del av medlemskapet.

Du kan abonnere uten å være medlem i FMI.

Les mer

Viktige nettaviser

politisk_ukorrekt



Alternativer til media som holder tilbake informasjon, ved hjelp av politisk korrekt sensur.

Please install and enabled plugin Vinaora Visitors Counter firstly

Vi har 1817 guests og ingen medlemmer på besøk.


 
E-post: fmi[at]fmi[dot]no – Kontonr.: 3905.24.78654.
FMI ©2006-2015