header

Foto over: Wikipedia.org,

norway 1402729 1920

Bilde: fra Pixabay.com

Vi arbeider for en lovgivning og en praksis som sikrer at Norge forblir en enhetlig nasjonal stat med basis i vår norske og kristne kulturarv og folkets historiske fellesskap.

Folkebevegelsen Mot Innvandring er en tverrpolitisk opplysningsorganisasjon som arbeider for å stoppe den fremmedkulturelle masseinnvandring til Norge.

Les mer om organisasjonen

Gi et bidrag til FMI, kontonr.: 0530.40.68169.

Vipps 43995

Den offisielle Twitter-kontoen til FMI: https://twitter.com/FMInnvandring

FMI på Mewe.com

aasenÅpent brev til Idrettspresident Børre Rognlien og generalsekretær Inge Andersen, Norges idrettsforbund.

Kommentarar til dykkar halmstrå som forsvar for kostnadane ved eit OL i 2022, m.m.
Nyleg vart vi på Dagsrevyen orienterte om kor «billeg» eit OL i Oslo 2022 ville verte. Framstillinga frå Idrettsforbundet var ei utruleg tynn suppe som eg håpar dei bevilgande styresmakter avviser.

Kostnadane til anlegg som samfunnet likevel måtte gjennomføre, som m.a. vegar, deltakarlandsby, mediasenter osv. skulle trekkast frå kostnadane som er sett til 33 milliardar – så langt. Då er det vel slik at når det gjeld milliardsløsing til leikeplass og moro for overklassen så tel ein ikkje pengar. Dette har vi sett m.a. når det var snakk om Operaen i Bjørvika, vi høyrer stadig om milliardkostnadar til ulike teater og «kulturbygg» i Oslo og andre stadar, og vi vert fortalde at dette må Norge berre sjå seg råd til elles vil utlandet sjå rart på oss. For her skal elitepersonar sole seg i glansen og i glitter og stas for all verda. Då er det ikkje så nøye med om sjukehus, skular, kyrkjer og anna i samfunnet som sårt treng vedlikehald står falleferdig med sprukne murar og trekkfulle vegger og golv.

Tilbake til dykkar kostnadsoverslag med omsyn til denne overklassefesten som de planlegg. Også med framstøyt til fordel for dykkar sak vert utgådde idrettsprofilar sende rundt i moskeane i Oslo for å sanke støtte.

Deltakarlandsbyen skulle i etterkant verte studentbustadar vart vi fortalde. Kvar skal studentane bu i åra fram til desse står ledige etter festen, om det er denne gruppa de tenkjer på? Sanninga er vel heller at med den store innvandringa til landet som eliten planlegg i åra som kjem, så er det desse som skal nyte godt av OL-investeringane? Medialandsbyen skulle seinare nyttast til hovudkontor for NRK, som om ikkje dei skulle klare seg med det dei rår over i dag. Det er jammen delte meiningar om kvaliteten og saklegheita i mykje av det som kjem derfrå, einsidighet og politisk påverknad og manipulering vert ofte trekte fram som noko som kjenneteiknar den etaten og øvrige media. Nett det har vi nok av.

Som sanningsvitne for at Idrettsforbundet sitt reknestykk var rett hadde forbundet sine talsmenn, Børre Rognlien og Inge Andersen, fått med på laget ulike maktpersonar. Jan Bøhler støtta opp om kva som trengtes på idrettsfronten etter 2022. No veit kanskje Bøhler at OL ikkje kan skaffe idrettshallar rundt i alle kommunar i landet, men for han er det vel Groruddalen som tel. Når det gjeld integrering så skal det nok ikkje stå på pengar, den leksa har vi fått lære gjennom åra! Ein annan ting er at vi har verdas finaste natur utanfor eiga stovedør til bruk for fritidsaktivitetar for idrettsglad ungdom! Heile framstillinga frå NIF var rett og slett lite tillitvekkande. For min eigen del, som før var litt positiv til OL-saka, har eg mista all tru på denne gigantsløsinga, og er no motstandar av at OL skal til Oslo i 2022. Og det er slett ikkje Gerhard Heiberg si skuld at eg skiftar side, men den hysteriske og panikkarta oppvisninga frå Idrettsforbundet for å påverke oss.

Noko som eg før ikkje har ofra ein tanke, er at det ikkje er det norske som skal profilerast, men «det nye Norge». Eg trur at denne storsatsinga skal tene det «fargerike fellesskapet» og det som ligg i det: Nemleg den sanninga at vårt Norge er i ferd med å verte ukjenneleg-gjort og stadig meir overteke av framande! Dette skal nok vere deira OL!
Til å styrke dette prosjektet trengs eit OL i Oslo og Norge same kva det koste vil, for nasjonen skal vekk, nasjonalstaten skal vekk og vi skal verte multietniske og multikulturelle. Og når eit samfunn vert fleirkulturellt så går landet sin eigen kultur til grunne – og dette veit også de!

Det vert frå nokre hald hevda at det «rike» Norge skulle ha råd til å halde denne OL-festen for verda med alle oljepengane. Då vert det ikkje snakka om 4 % regelen når det gjeld årleg uttak av oljeformuen. Til dette er å seie at vesle Norge har visst halde fest for verda gjennom dei siste generasjonane, både innanlands og rundt på kloden. Vi har vore «velsigna» med politikarar og andre sjølverklærte fredsenglar som har farta verda rundt og vifta med opne sjekkhefter. Statsleiarar, også slike med frynsete rykte, har på rekke og rad kome på visitt til landet vårt for så å reise tilbake til sine skakk-køyrde samfunn når magen var velfylt og bagasjen likeså – av millionar. Visst har vi halde fest for verda, kjære landsmenn!

No vert vi fortalde av Inge Andersen at dette OL slett ikkje er for oss eldre, men for dei opp til 30 år. For det første: Eit slikt kostnadsluk til ein fest for eliten og dei opp til 30! Men dei unge likar jo å reise ut i verda på alle slags arrangement, då gjer det vel ingen ting om dei reiser verda rundt også i denne samanhengen?

Og så kan det jo vere greitt å merke seg at Norges Idrettsforbund ikkje ønskjer oss over 30 på arenaene under den planlagde festen. Sjølv skal eg love å halde meg langt borte. Så synd for dykk at kronprinsparet no også har runda 40, så er heller ikkje dei velkomne, anna enn som gallionsfigurar for å «kaste glans» over festen for eliten og andre som er gode nok – og unge nok. Slik sett vil kanskje arenaene verte fylte under eit OL i Oslo slik som dei fyller idrettsarenaer i Nord-Korea. Då kan det vere greitt for NIF å ha med på laget gamle AKP-arar.
Visst har Norge halde fest for verda så no kan andre land halde fest for oss gjennom mange generasjonar frametter. Pengane kjem kanskje likevel herfrå. Og så ville dei truleg ønskje oss over 30 år velkomne. Også vi er no litt flinke til å legge pengar att der vi ferdast!

OL i Oslo 200714


Del denne siden:
Del på Facebook Del på Twitter Del på LinkedIn

Aktiviteter

aktivitet

Aktivisme Gudbrandsdalen
Søndag 28.august 2022


Info i Sør-Trøndelag og Oppland
Tirsdag 21. september 2021


Randesund, Kristiansand ble opplyst
Søndag 27. september 2020


«Protestfestivalen» i Kristiansand
Søndag 27. september 2020


Elverum ble opplyst
Søndag 27. september 2020


Opplyste handleglade nordmenn i Sverige
Tirsdag 18. august 2020

 

Gi et bidrag

FMI mottar ingen offentlig økonomisk støtte. For å utføre vårt arbeid er vi avhengig av pengebidrag fra medlemmer og sympatisører.

Les mer

Norge Er Vårt

Norge Er Vårt er FMIs medlemsblad og mottas som en del av medlemskapet.

Du kan abonnere uten å være medlem i FMI.

Les mer

Viktige nettaviser

politisk_ukorrekt



Alternativer til media som holder tilbake informasjon, ved hjelp av politisk korrekt sensur.

Please install and enabled plugin Vinaora Visitors Counter firstly

Vi har 797 guests og ingen medlemmer på besøk.


 
E-post: fmi[at]fmi[dot]no – Kontonr.: 3905.24.78654.
FMI ©2006-2015