header

Foto over: Wikipedia.org,

norway 1402729 1920

Bilde: fra Pixabay.com

Vi arbeider for en lovgivning og en praksis som sikrer at Norge forblir en enhetlig nasjonal stat med basis i vår norske og kristne kulturarv og folkets historiske fellesskap.

Folkebevegelsen Mot Innvandring er en tverrpolitisk opplysningsorganisasjon som arbeider for å stoppe den fremmedkulturelle masseinnvandring til Norge.

Les mer om organisasjonen

Gi et bidrag til FMI, kontonr.: 0530.40.68169.

Vipps 43995

Den offisielle Twitter-kontoen til FMI: https://twitter.com/FMInnvandring

FMI på Mewe.com

nordfron kommuneIntegrerings- og Mangfaldsdirektoratet har nyleg bede Nord-Fron om å busetja enda fleire flyktningar enn dei 15 pr. år som kommunen allereie har forplikta seg til. Det nye forslaget inneber 20 syriske flyktningar – men med eit ukjent antal familiegjenforeiningar i tillegg. Det kan altså fort vekk vera snakk om ei dobling av det noverande antalet.

Etter denne statlege oppmodinga var ordførar Olav Røssum raskt frampå med eit innlegg i Gudbrandsdølen (GD), der han gjorde eit slett forsøk på å selja den seigliva og falske myta om at Noreg og Nord-Fron treng innvandrarar for å gå rundt. «Det er bra for Syria, og bra for Nord-Fron», hevdar han. Ferske tal frå Statistisk Sentralbyrå viser derimot at landet vårt i snitt tapar 4,1 millionar kronar for kvar ikkje-vestleg innvandrar. Borgar dette «bra for Nord-Fron»?

Heller ikkje arbeidsinnvandring frå vestlege land er lønsamt for offentlege budsjett på lengre sikt. Det meste av årsaka ligg i at innvandrarar har ei kortare tid innan arbeidslivet enn etniske nordmenn før dei byrjar å belaste helse- og trygdebudsjetta.

Eg trudde inntil nyleg at lokalpolitikk handla om kvardagsrealisme og lokalpatriotisme, men her står dei lokale hugleiksapostlane Olav Røssum (Sp) og Rune Støstad (Ap) fram i all si prakt i lokalmedia og preikar ”internasjonal solidaritet” og ”hjarterom” som om ein kunne leva på berre luft og kjærleik i all æve!

Men no skjøner eg at også lokalpolitikarar er innsausa i det asylpolitiske pyramidespelet som gjev det daglege brødet til alt frå menneskesmuglarar, tolkar og advokatar til private asyldrivarar og karrierehungrige politikarar. Og di fleire som blir involverte di meire blir den kunstige stemninga piska opp, slik at norsk asyl- og innvandringspolitikk no står fram som keisaren sine nye klede. Den er komisk og latterleg sjølvutslettande, men ingen kan seie det høgt i det offentlege rom for då er dei «rasistar» eller «hatarar». Avgrunnen mellom dei styrande og dei styrte veks seg stadig større. Ja, for kva hadde vel ei avstemming i Nord-Fron over fleire ikkje-vestlege innvandrarar resultert i dersom innbyggjarane sjølv hadde fått velgje – anonymt?

Nei, folkeavstemmingar utanom dei normerte og fastlagde blir det nok ikkje fleire av, korkje nasjonalt eller kommunalt, etter EU-flausene til dei da sitjande regjeringane. Sjølv etter to klare nei ser vi at leiande rikspolitikarar stadig set nye rekordar for korleis landet vårt best skal «opne grensene» og tilpassa seg Brüssel-direktivane. Det er audmjukande å sjå, og illustrerar kor lite det parlamentariske demokratiet, slik det fungerer no, har med reelt folkestyre å gjera.

Med slike veike, emosjonelle og eigennyttige politikarar er det norske folk – og no blir det stadig viktigare å presisera etnisk norske folk – på sterkt vikande front, både demografisk og kulturelt. I austlege deler av Oslo er vi alt kome i undertal. Og kulturelt sett så har det til dømes i samband med integrering og assimilering vist seg at det heller er den norske kulturen som må tilpasse seg den framande, og ikkje omvendt som naturleg ville vera dersom ein tok skikken der ein kom. Det nye stortingsvedtaket om å tillate lemlesting av spedborn – omskjæring – på norske sjukehus er eit groteskt, men ikkje utypisk døme i så måte.

Når ordføraren opnar for auka innvandring til bygda, er det god grunn til å undra seg over kven han eigentleg fører ordet for. Frå Sundheim Aldersheim høyrer vi no til dømes om misforståingar i pasientbehandlinga i samband med utanlandske tilsette. Og så lenge ansvarslause politikarar held si beskyttande hand over framandinvasjonen må liknande situasjonar etter kvart også ventast i andre offentlege tenestesektorar for framtida.

Mykje tyder på at det i overnasjonale fora som EU og FN sit kyniske maktmenneske med ein globalistisk agenda som mildt sagt ikkje gagnar små nasjonar som kunne ønskje å ta vare på sine kulturtradisjonar. ”Mangfald” er rett og slett eit kodeord for eit stille regissert folkemord på dei europeiske kristenkulturelle nasjonalstatane. Sjølvbevisste nasjonar er farlege fordi dei byggjer på identitet; sams språk, religion og skikkar. Dette gjev samhald, og samhald gjer sterk. Dette er den einaste verkelege trusselen mot den internasjonale agendaen som ønskjer å gjera oss alle til lydige forbrukarar og hjernelause burhøns. Fleirkultur og overbefolkning sikrar eit høgt konfliktsnivå og låge arbeidsløner for globalkapitalistane, som gnir seg i hendene. Det er pengane som styrer: Follow the money!

Med den ynkelege politikarkulturen vi har i landet no vil framandinvasjonen neppe ta så fort slutt, sjølv om kommunepolitikarane i Nord-Fron kunne ha sjansen til å motbevise nettopp dette ved realitetsbehandlinga av direktoratet sitt tidlegare nevnte forslag no i kommunestyret til hausten.

Men tør dei?

Fleire flyktningar til Nord-Fron 300714

Sendt  til avisene Gudbrandsdølen (GD) og Dølen. På trykk i GD 30.juli.


Del denne siden:
Del på Facebook Del på Twitter Del på LinkedIn

Aktiviteter

aktivitet

Aktivisme Gudbrandsdalen
Søndag 28.august 2022


Info i Sør-Trøndelag og Oppland
Tirsdag 21. september 2021


Randesund, Kristiansand ble opplyst
Søndag 27. september 2020


«Protestfestivalen» i Kristiansand
Søndag 27. september 2020


Elverum ble opplyst
Søndag 27. september 2020


Opplyste handleglade nordmenn i Sverige
Tirsdag 18. august 2020

 

Gi et bidrag

FMI mottar ingen offentlig økonomisk støtte. For å utføre vårt arbeid er vi avhengig av pengebidrag fra medlemmer og sympatisører.

Les mer

Norge Er Vårt

Norge Er Vårt er FMIs medlemsblad og mottas som en del av medlemskapet.

Du kan abonnere uten å være medlem i FMI.

Les mer

Viktige nettaviser

politisk_ukorrekt



Alternativer til media som holder tilbake informasjon, ved hjelp av politisk korrekt sensur.

Please install and enabled plugin Vinaora Visitors Counter firstly

Vi har 668 guests og ingen medlemmer på besøk.


 
E-post: fmi[at]fmi[dot]no – Kontonr.: 3905.24.78654.
FMI ©2006-2015