Ope brev: til leiar i Sogn og Fjordane Frp, og 1. kandidat på Eid Frp si kommuneliste, Lars Svein Drabløs
T.v.: Høyres og Frps logoer. Foto: Wikimedia Commons og Frp.no
Det er mange av oss som har fedrelandet si framtid i tankane i høve den førde innvandrings- og flyktningepolitikken når vi stemmer ved val. Ved dei fleste kommuneval har eg difor stemt på Frp her i Eid kommune i von om at De fører den strengaste asyl/flyktningepolitikken. Men i dei siste åra kan eg ikkje sjå nokon forskjell på Frp og Høgre i framlegg til mottak av «flyktningar». Omkvedet frå fleire er at når Frp her i kommuna ikkje eingong markerar programmet, og er meir restrektive enn Høgre i framlegg til mottak av «flyktningar» – så kan ein vel like godt stemme på Høgre – eller verte sittjande heime på valdagen.
Siv Jensen har anbefalt kommunepolitikarar i Frp å seie nei til anmodinga om mottak av fleire «syriaflyktningar». Likevel gjekk Frp i Eid saman med dei andre partia inn for mottak i tillegg til dei andre som det er fatta vedtak om. Er det slik at det er tryggjast og mest bekvæmt å fatte vedtak saman med dei andre i slike saker? Per Sandberg skriv i dette innlegget i Aftenposten: «Vi er nødt til å gjere kommunevalget til ei folkeavstemming over innvandringspolitikken»! Eg er heilt enig.
I samanlikning med folketilveksten og konflikter ute i verda – synest dei fleste problem som vi puslar med til dagleg i kommunene som det reine pusleriet. Veljarar har hatt muligheit til å bremse på utbreiinga av dette uvesenet til vårt land – og vår kommune gjennom val. Men i vår kommune er dette blitt verre! Sjå denne artikkelen av den profilerte danske historieprofessoren.
Markering i innvandringspolitikken 300815
Magnar A. Bakke
Eid, 30.8.15