header

Foto over: Wikipedia.org,

norway 1402729 1920

Bilde: fra Pixabay.com

Vi arbeider for en lovgivning og en praksis som sikrer at Norge forblir en enhetlig nasjonal stat med basis i vår norske og kristne kulturarv og folkets historiske fellesskap.

Folkebevegelsen Mot Innvandring er en tverrpolitisk opplysningsorganisasjon som arbeider for å stoppe den fremmedkulturelle masseinnvandring til Norge.

Les mer om organisasjonen

Gi et bidrag til FMI, kontonr.: 0530.40.68169.

Vipps 43995

Den offisielle Twitter-kontoen til FMI: https://twitter.com/FMInnvandring

FMI på Mewe.com

Grøvan Hans FredrikOpe brev til Hans Fredrik Grøvan, KrF.

Viser til oppslag på dagsrevyen 22. august 2019, der det vert sagt at krF ønskjer at piratskip i Middelhavet skal tøme lasta si i Noreg. Dette er ikkje mindre enn skræmande.

No har de i KrF og andre grupper hersa med folk og land gjennom denne asyl- og migrant innvandringa frå fru Brundtland kom til makta i 1986. Det har aldri vore aktuelt for dykk å ta omsyn til oss som har heimstadrett til dette landet når det gjeld dykkar kamp for omveltninga og framandgjeringa av det norske samfunn. Men eg synes de snart må ta omsyn til at her enno finnes eindel menneske som ønskjer at landet vårt skal bestå som eit norsk samfunn. Den mogelegheita har de snart spolert, og KrF har vore svært så aktiv i så måte. Minner om Bondevik si utsegn om at nordmenn ikkje kunne vere med å avgjere asylpolitikken då det var for mykje "grumsete haldningar" ute i folket. Men slike, med desse "grumsete haldningane", ville han gjerne lure til å røyste på sitt parti. Pussig dobbeltmoral!

FMI drives av ren idealisme, uten statlig økonomisk støtte! Støtt FMI økonomisk: Kontonr.: 0530.40.68169 - Vipps: 43995.

Pirattrafikken i Middelhavet fører nemleg til at straumen mot Europa over havet held fram og utset mange for farar og drukningsdød. Det er nett dette du, Grøvan, Karin Andersen frå SV og mange andre bidreg til. Det er eigentleg utruleg at desse piratskipa får lov å halde fram med trafikken som undergrev Europa sin eksistens om den ikkje vert stogga. Det du, Grøvan, bidreg til med din politikk har ikkje noko med naudhjelp å gjere, men det lurer mange menneske ut på fårefull vandring til ein alt overfolka, kriminalisert, kaotisk og framandgjort verdsdel, Europa!

Det som kan stogge trafikken over Middelhavet og hindre tragediar på havet, er at migrantane vert frakta tilbake til Libya, Tunesia eller andre stadar på Nord-Afrikas kyst. Dei må hjelpast tilbake, eller ta seg tilbake på eiga hand, til sine heimland eller kvarsomhelst på eige kontinent der dei kan bygge opp eigne samfunn. Dette i staden for at dei saman med sine europeiske støttegrupper, som KrF, SV, profitørar og liknande kan destabilisere vårt kontinent meir enn Europas fleirtalspolitikarar alt har greid.

Kanskje det snart var på tide at vi nordmenn fekk lov å avgjere vår eiga framtid som folk i eige land, i staden for at vi skal førast som nasjon mot stupet av dei som har lura seg til politiske verv ved hånleg omtale av Noregs to urfolk og som har teke seg til makta ved hjelp av feite og falske slagord under valkampar. Eller det eg heller vil kalle politikarane sine lygarfestivalar.
Eg vil oppmode deg, Hans Fredrik Grøvan og dine meiningsfeller, om å sjå Walid al Kubaisi sin film om Det muslimske brorskap sine planar om å overta Europa. Kanskje den kan gje dykk eit innsyn i dykkar stødige kurs mot Europa sitt havari? Eit lite, men truleg mitt fåfengte håp!

aasenNorvald Aasen
Askvoll, 24.8.2019


Del denne siden:
Del på Facebook Del på Twitter Del på LinkedIn

Aktiviteter

aktivitet

Aktivisme Gudbrandsdalen
Søndag 28.august 2022


Info i Sør-Trøndelag og Oppland
Tirsdag 21. september 2021


Randesund, Kristiansand ble opplyst
Søndag 27. september 2020


«Protestfestivalen» i Kristiansand
Søndag 27. september 2020


Elverum ble opplyst
Søndag 27. september 2020


Opplyste handleglade nordmenn i Sverige
Tirsdag 18. august 2020

 

Gi et bidrag

FMI mottar ingen offentlig økonomisk støtte. For å utføre vårt arbeid er vi avhengig av pengebidrag fra medlemmer og sympatisører.

Les mer

Norge Er Vårt

Norge Er Vårt er FMIs medlemsblad og mottas som en del av medlemskapet.

Du kan abonnere uten å være medlem i FMI.

Les mer

Viktige nettaviser

politisk_ukorrekt



Alternativer til media som holder tilbake informasjon, ved hjelp av politisk korrekt sensur.

Please install and enabled plugin Vinaora Visitors Counter firstly

Vi har 381 guests og ingen medlemmer på besøk.


 
E-post: fmi[at]fmi[dot]no – Kontonr.: 3905.24.78654.
FMI ©2006-2015