header

Foto over: Wikipedia.org,

norway 1402729 1920

Vi arbeider for en lovgivning og en praksis som sikrer at Norge forblir en enhetlig nasjonal stat med basis i vår norske og kristne kulturarv og folkets historiske fellesskap.

Folkebevegelsen Mot Innvandring er en tverrpolitisk opplysningsorganisasjon som arbeider for å stoppe den fremmedkulturelle masseinnvandring til Norge.

Les mer om organisasjonen

Gi et bidrag til FMI, kontonr.: 0530.40.68169.

Vipps 43995

Den offisielle Twitter-kontoen til FMI: https://twitter.com/FMInnvandring

FMI på Mewe.com

Breivik Terje kide stortingetStortingsrepresentant Terje Breivik. Bilete: stortinget.

Ope brev til Terje Breivik, V. Hans Fredrik Grøvan, KrF. Jon Engen-Helgheim, Frp, med fleire.

På Dagsrevyen den 3. mars 2020 var det kommentarar til Frp og Helgheim sitt ynskje om å stogge migrantane som no pressar seg mot grensa til Hellas og Europa.

Terje Breivik framstod i kjend arrogant stil og meinte at kravet frå Frp var for å skaffe partiet nokre røyster. Men kva er det så Venstre og Breivik vil? Er det kanskje noko med at ein slik migrantstraum mot Europa, der mykje av flodbølga endar i Noreg, gjev Venstre håp om større mengder røystekveg? Som kjent så seiest det at hunden ikkje bit den handa som gjev den mat.

Store delar av Syria har no ikkje krigshandlingar etter den borgarkrigen som NATO har funne glede i å ta side i. Det er derfor eit brotsverk av Vesten og Noreg å ta inn syriske migrantar som heller burde sendast heim for gjennoppbygging av det borgarkrigsråka landet. Men egoismen skal tydelegvis premierast til Vesten sitt eige fall.

Breivik hevdar også at det å ikkje tillate migrantane å få behandla asylsøknadar er i strid med "menneskerettane" til migrantane. Men har ikkje vi nordmenn visse menneskerettar når det gjeld å ta vare på eige land og å verne om det som er vårt? I FNs internasjonale konvensjonar om menneskerettar står det Del 1 Artikkel 1: "Alle folk har selvbestemmelsesrett. I kraft av denne rett bestemmer de fritt sin politiske stilling og fremmer fritt sin egen økonomiske, sosiale og kulturelle utvikling."

Den danske flyktninghjelpa seier at danskane ikkje har plikt til å øydelegge sitt eige samfunn gjennom framandinnvandring. Fridtjof Nansen uttala eingong i samband med den greske-tyrkiske konflikta at det å bringe saman folk av vidt forskjellege rasar, religion og språk på ein flekk ville vert ein arnestad for ufred og hat i framtida.

FMI drives av ren idealisme, uten statlig økonomisk støtte! Støtt FMI økonomisk: Kontonr.: 0530.40.68169 - Vipps: 43995.

Dette er ei erkjenning som også burde falle inn hjå det norske og europeiske politikarfleirtal. Europa er som kjend den tettaste befolka verdsdelen, og det som vestlege politikarar i dag legg opp til er ufred og hat mellom folkegrupper i framtida innan Europa og Noreg. Truleg ikkje mest frå dei undertrykte europeiske folkegruppene, som er sette tilsides av eigne politikarfleirtal, men det vert opna for masseinnvandring av etniske og religiøse grupper som ligg i motsetnadar og krig med kvarandre rundt i verda. Ein slik politikk frå politikarfleirtalet også i Norge kan ikkje bygge på anna enn ynskje om kaos, øydeleggingslyst og avhending av eigne nasjonar og samfunn, slik eg ser det.

Dette synes eg også KrF og Grøvan burde merke seg, sjølv om eg har lite tiltru til eit parti der Kjell Magne Bondevik, Knut A. Hareide, Ingunn Eriksen og liknande er tonegjevande i partiet.

Utan at eg har tilknytnad til Frp så vil eg hevde at mange i dette partiet er dei einaste på stortinget i vår tid som synes å kjenne ansvar for eige folk og land, og vil verne om Noreg som eit norsk samfunn også i framtida.

Eg nemner også at eg for eindel år sidan var innom valg-stands i Bergen. Eg opplevde då å stå i nærleiken av Terje Breivik. Der kom ein eldre mann fram til standen og stilte spørsmål til Breivik, og eg oppfatta at veljaren ville ta opp samtale om innvandring. Terje Breivik (V) snudde seg arrogant bort fra mannen og gjekk derfrå. Denne hendinga tenkjer eg på når eg ser Terje Breivik og andre venstrefolk viser sitt hovmod og sin nedlatande veremåte overfor menneske som er glade i sin fedrearv og sitt Noreg, medan dei elles snakkar i høge tonar om ytringsfridom og demokrati.

Norvald Aasen
Askvoll, 24.3.2020

Du har ikke rettigheter til å poste kommentarer


Del denne siden:
Del på Facebook Del på Twitter Del på LinkedIn

Aktiviteter

aktivitet

Randesund, Kristiansand ble opplyst
Søndag 27. september 2020


«Protestfestivalen» i Kristiansand
Søndag 27. september 2020


Elverum ble opplyst
Søndag 27. september 2020


Opplyste handleglade nordmenn i Sverige
Tirsdag 18. august 2020


Informasjon i Søgne
Mandag 17. august 2020


Informasjon på Orkanger
Onsdag 5. august 2020

 

Gi et bidrag

FMI mottar ingen offentlig økonomisk støtte. For å utføre vårt arbeid er vi avhengig av pengebidrag fra medlemmer og sympatisører.

Les mer

Norge Er Vårt

Norge Er Vårt er FMIs medlemsblad og mottas som en del av medlemskapet.

Du kan abonnere uten å være medlem i FMI.

Les mer

Viktige nettaviser

politisk_ukorrekt



Alternativer til media som holder tilbake informasjon, ved hjelp av politisk korrekt sensur.

Please install and enabled plugin Vinaora Visitors Counter firstly

Vi har 61 gjester og ingen medlemmer på besøk.


 
Adresse: FMI, Postboks 70 Sentrum, 6501 KRISTIANSUND N. - E-post: fmi[at]fmi[dot]no - Telefon: 977 06 152 - Bank: Postbanken (DnB NOR Bank ASA) - Kontonr.: 0530.40.68169 - Vipps: 43995 - BIC-adresse: DNBANOKKXXX - IBAN-nr.: NO23 0530 4068 169 - Org.nr.: 994 552 554
FMI ©2006-2015