header

Foto over: Wikipedia.org,

norway 1402729 1920

Bilde: fra Pixabay.com

Vi arbeider for en lovgivning og en praksis som sikrer at Norge forblir en enhetlig nasjonal stat med basis i vår norske og kristne kulturarv og folkets historiske fellesskap.

Folkebevegelsen Mot Innvandring er en tverrpolitisk opplysningsorganisasjon som arbeider for å stoppe den fremmedkulturelle masseinnvandring til Norge.

Les mer om organisasjonen

Gi et bidrag til FMI, kontonr.: 0530.40.68169.

Vipps 43995

Den offisielle Twitter-kontoen til FMI: https://twitter.com/FMInnvandring

FMI på Mewe.com

Den 31. oktober i fjor var den offisielle dagen då FN rekna med at talet på menneske runda 7 milliardar individ.  Berre dei siste 12 åra auka talet med  1 milliard.  Det er like mange som det var i heile verda i år 1800.  Den enorme folketilveksten vil få svært negative konsekvensar meinar biologar.

Den tyske forbundskanslaren, Angela Merkel  påpeika i høve denne markeringa av FN:  ”I ei verd med 7  milliardar menneske må vi europearar halde saman, elles vil vår velstand og våre verdiar smuldre bort!”  Her i landet med media, næringslivleiarar og den politiske adelen i førarsete er det vanskeleg å finne liknande kloke refleksjonar.  Ein vert sittande med det inntrykket at dei trur at ”vekst”  -  og folketilvekst med ein konstant auke i produksjonen og forbruket er blitt den reine trylleformelen for framgang og velstand i riket.  I Oslo bykommune måtte dei i 2011 vedkjenne seg at den sterke folketilveksten var ei vesentleg årsak til nedskjeringar på ein halv milliard kroner på budsjetta i følgje Aftenposten den 28.09.11 - og ein kan få inntrykk av at store delar av pengeoverføringar til helsevesenet synest å forsvinne i eit ”svart hol”.

Mange som støttar den lemfeldige innvandringspolitikken, eller til og med vil liberalisere den for ein enno større fart på ”veksten”, har vist til USA som døme på velstand og framgang i eit innvandringsland.  Der innvandra det om lag 10 millionar på 1990- talet.  Den største folkeinnvandringa i landets historie på ei så kort tid.  Men i vår tid er det ikkje all innvandring som vert like vellukka som i tidlegare tider – for no har den historiske pendelen tydelegvis snudd.  OECD engasjerte byrået National Bureau of Economic Research for å undersøkje forholdet vedrørande skatteinntekter og utgifter for innvandrarar i USA.  Dei tok for seg året 1996 og fann at misforholdet mellom mottekne sosiale ytingar og innbetalte skatt var på mellom 15 – 20 milliardar dollar.  Rapporten heiter Working paper 6195.

Frå gamalt av var sosialisme og kapitalisme nesten som eld og vatn å rekne.  No er dei blitt lagspelarar i høve den sterke folketilveksten som går føre seg gjennom innvandringspolitikken.  Og dei synest også å føre felles sak for å kunne svekke nasjonal identitet i sitt globale verdsbilde.  Å tillate ein straum av menneske frå mindre utvikla land til Vest-Europa og Norge med sitt enorme forbruksmønster, skapar eit ytterlegare press på ressursane, og forsterkar den skeive fordelinga vi allereie har.  I Norge kan vi heller ikkje produsere meir enn om lag halvparten av den maten vi treng.  Det må då vere i strid med prinsippet om ein berekraftig utvikling å tillate ein folketilvekst gjennom innvandringa som no er den største i EU – EØS- området pr innbyggjar – når vi ikkje kan produsere nok mat til eksisterande befolkning.

Det som vil verte naudsynt i vår tid er ei økonomisk nyordning  som går bort frå den forelda økonomiske ”vekstfilosofien”.  Den er på kollisjonskurs med kjende naturlover, og er hovudårsaka til at det eine klimatoppmøtet etter det andre nærmast endar i fiasko.  Og så burde det førast ein politikk som bevarer nasjonalstatane og urfolket sine menneskerettar.  Dei er også verneverdige og må få høve til å bevare – eller til og med styrke sin funksjon som sosiale fellesskap, herunder sin identitet og eigenart.  Går nasjonane i oppløysing vert grunnpilarane og drivkrafta i det internasjonale samarbeidet kraftig svekka.  Såleis også det globale miljø- og klimasamarbeidet.

Grense for vekst 110112

Sendt 14.1.12 til:
«Alle» norske aviser. Dei norske politiske parti. Statsministerens kontor. Norske patriotar/nasjonalistar.

Del denne siden:
Del på Facebook Del på Twitter Del på LinkedIn

Aktiviteter

aktivitet

Aktivisme Gudbrandsdalen
Søndag 28.august 2022


Info i Sør-Trøndelag og Oppland
Tirsdag 21. september 2021


Randesund, Kristiansand ble opplyst
Søndag 27. september 2020


«Protestfestivalen» i Kristiansand
Søndag 27. september 2020


Elverum ble opplyst
Søndag 27. september 2020


Opplyste handleglade nordmenn i Sverige
Tirsdag 18. august 2020

 

Gi et bidrag

FMI mottar ingen offentlig økonomisk støtte. For å utføre vårt arbeid er vi avhengig av pengebidrag fra medlemmer og sympatisører.

Les mer

Norge Er Vårt

Norge Er Vårt er FMIs medlemsblad og mottas som en del av medlemskapet.

Du kan abonnere uten å være medlem i FMI.

Les mer

Viktige nettaviser

politisk_ukorrekt



Alternativer til media som holder tilbake informasjon, ved hjelp av politisk korrekt sensur.

Please install and enabled plugin Vinaora Visitors Counter firstly

Vi har 1264 guests og ingen medlemmer på besøk.


 
E-post: fmi[at]fmi[dot]no – Kontonr.: 3905.24.78654.
FMI ©2006-2015