header

Foto over: Wikipedia.org,

norway 1402729 1920

Bilde: fra Pixabay.com

Vi arbeider for en lovgivning og en praksis som sikrer at Norge forblir en enhetlig nasjonal stat med basis i vår norske og kristne kulturarv og folkets historiske fellesskap.

Folkebevegelsen Mot Innvandring er en tverrpolitisk opplysningsorganisasjon som arbeider for å stoppe den fremmedkulturelle masseinnvandring til Norge.

Les mer om organisasjonen

Gi et bidrag til FMI, kontonr.: 0530.40.68169.

Vipps 43995

Den offisielle Twitter-kontoen til FMI: https://twitter.com/FMInnvandring

FMI på Mewe.com

Første gang publisert i Norge Er Vårt nr. 2-12.

På slutten av 1980-talet nærmast eksploderte innvandringa til Norge gjennom asylinstituttet.  Då bestilte den statsstøtta aksjonen, ”Ja til eit fargerikt fellesskap” ei indikasjonsanalyse av dei økonomiske konsekvensane ved innvandringa til Norge av Hans Henrik Ramm.  Konklusjonen i granskinga hans var at avkastinga ved innvandring ville verte større enn utbytet frå oljeutvinninga på Gullfaksfeltet.  No er han ikkje lenger betalte av offentleg støtta propagandakampanjer.  Til Dagens Næringsliv seier han noko heilt anna enn det som var konklusjonen i det ”bestillingsverket” han presenterte i 1988:  ”Dersom politikarane ikkje strammar inn på innvandringa – vil vi om få år verte nøydde til å bruke Oljefondet til å betale for trygde- og velferdsgodene.  Då kan Oljefondet verte tømt før 50 år er gått ”, seier han.

På 1990-talet vart det klart at følgjene av asyl- og flyktningepolitikken vart ein enorm utgiftspost.  Øystein Hedstøm (Frp) la fram ei utrekning  som synte at totalkostnadane kunne vere på mellom 20 og 26 milliardar kroner.  Eit krav om eit offisielt innvandrarrekneskap  har dei styrande avist kvar gong å få granska.  Men Norsk Institutt for By- og Regionsforskning (NIBR) fekk   i  1996 i oppgåve å utgreie verdiskapingsbidraget.  Om dei sette dette til  1 for etniske nordmenn mellom 20 og 60 år, vart det 0,95 for dei vestlege, og 0,45 for ikkje-vestlege innvandrarar.  Resultatet for ikkje-vestlege innvandrarar hadde blitt enda dårlegare dersom flyktningane også hadde vore medtekne i granskinga.

Reint nettotap
I fjor la Brochmann-utvalget  fram rapporten   om ”Velferdsstatens framtid i lys av migrasjonen til Norge”.  Den slo fast at ikkje-vestlege innvandrarar er eit reint nettotap for samfunnet.  Med unnatak av folk i frå Bosnia, Chile og Sri Lanka, har alle ikkje-vestlege innvandrarar den same tendensen:  Dei går tidleg ut av arbeidslivet.  Rapporten syner og at dei nye innvandrarargruppene frå 1980 og 90-talet ser ut til å følgje det same mønsteret som pakistanarane som innvandra (som turistar) på 70-talet.  Av dei vart så mykje som 50 prosent trygda i 50-årsalderen, medan det for nordmenn med det same (lave) utdanningsnivået er på mellom 15 og 20 prosent.

Nyleg la Statistisk sentralbyrå (SSB) fram rapporten ”Makroøkonomi og offentlege finnanser  i ulike scenarioer for innvandring”.  Forskinga der syner at innvandrarar frå lavkostland medfører høgare kostnader enn inntekter  både på kort og lang sikt.  Innflyttarar frå Vesten har vore til god nytte i til dømes servicenæringa og bygg- og anlegg.  Men heller ikkje dei  er lønnsame for offentlege budsjett i det lange løp om dei buset seg her permanent.  Forskingsleiar Erling Holmøy seier til Dagens Næringsliv at innvandring har visse fellestrekk med pyramidespel.  Ein skuvar problemet føre seg dersom ein heile tida skal skaffe seg fleire folk.  I det korte bildet belastar ikkje innvandrarar offentlege budsjett med kostnadar  knytte til barndom og alderdom.  Men også desse får barn og vert gamle, seier Holmøy.  Han peikar på at ein gjennomsnittsinnbyggjar i Norge no bidreg til mindre inntekt enn han eller ho får att i form av velferdstenester og overføringar.  Det er oljeinntektene som fører til at statsbudsjettet kan gjerast opp med større utgifter enn kvar innbyggjar bidreg med i skatt og avgift.   Når innbyggjartalet aukar som følgje av innvandringa – vert det fleire å dele Oljefondet på.  Dermed vert også innvandring til eit underskotsføretak.

Vert for mange
I dei siste åra har mange aktørar både i næringslivet, politikken og i media nærmast hatt ei febrilsk haldning til naudsynet av auka folketilvekst i kommunane – gjerne gjennom meir innvandring.  Den viktigaste årsaka er sjølvsagt den forelda økonomiske vekstmodellen.  Der må det vere ein stadig volumsauke i forbruket av naturressursar, og større produksjon av varer og tenesteytingar.  Det er slett ikkje sosiale tilhøve som gjer folketilveksten nødvendig, tvert om.

Norge har inntil tusenårsskiftet hatt eit forholdsvis lite folketal – men det vert for mange i høve til dyrkbart areal.  Vi produserar no mindre enn 50 prosent av den maten vi et.  Difor er vi økologisk sett allereie overbefolka.  I ei verd med ein folketilvekst på 76 millionar pr år, kan vi ikkje forvente at vi i framtida kan kjøpe mat på verdsmarknaden til dei prisane vi har hatt til no.  Vi kan også verte utestengde – sjølv med god betalingsevne.  Balansen mellom forbruk og ressursar vert forverra for kvar dag som går gjennom eit aukande forbruk per person, og ved at talet på forbrukarar aukar.  Masseinnvandringa til Norge kan doble folketalet i løpet av dei neste 2 – 3 generasjonane, og auke misforholdet  mellom forbruk og ressursar.  Dette kan føre til ein drastisk nedgang i vår  levestandard – og gjere ein berekraftig utvikling  umuleg.

Innvandring – nasjonal økonomi og økologi 220912


Del denne siden:
Del på Facebook Del på Twitter Del på LinkedIn

Aktiviteter

aktivitet

Aktivisme Gudbrandsdalen
Søndag 28.august 2022


Info i Sør-Trøndelag og Oppland
Tirsdag 21. september 2021


Randesund, Kristiansand ble opplyst
Søndag 27. september 2020


«Protestfestivalen» i Kristiansand
Søndag 27. september 2020


Elverum ble opplyst
Søndag 27. september 2020


Opplyste handleglade nordmenn i Sverige
Tirsdag 18. august 2020

 

Gi et bidrag

FMI mottar ingen offentlig økonomisk støtte. For å utføre vårt arbeid er vi avhengig av pengebidrag fra medlemmer og sympatisører.

Les mer

Norge Er Vårt

Norge Er Vårt er FMIs medlemsblad og mottas som en del av medlemskapet.

Du kan abonnere uten å være medlem i FMI.

Les mer

Viktige nettaviser

politisk_ukorrekt



Alternativer til media som holder tilbake informasjon, ved hjelp av politisk korrekt sensur.

Please install and enabled plugin Vinaora Visitors Counter firstly

Vi har 4329 guests og ingen medlemmer på besøk.


 
E-post: fmi[at]fmi[dot]no – Kontonr.: 3905.24.78654.
FMI ©2006-2015